nyhende

– Merka ei stor endring

Julegåveaksjonen hjå Kirkens Bymisjon er ferdig og gåvene vert levert ut i desse dagar. Leiar i Sveio, Guro Røher Eriksen, er nøgd med korleis det vart. – I Sveio har dei vore veldig flinke heile vegen, seier ho.

Publisert Sist oppdatert

Det enda godt for julegåveaksjonen. Førre veke var Kirkens Bymisjon ute i media og oppmoda dei som kunne om å plukka hjarte og innfri gåveynske for dei som treng det. No kan leiar for Frivilligsentralen og Kirkens Bymisjon i Sveio, Guro Røher Eriksen, endeleg slappa av.

– Det har vore veldig travelt dei siste dagane med lange dagar og helgearbeid, men me kom i mål. Så det er godt, seier ho.

415 gåver i Sveio

– Korleis gjekk det med dei rundt 2.000 hjarta som ikkje hadde vorte plukka?

– Me merka ei kjempeendring etter me gjekk ut i media, både frå privatpersonar og bedrifter som tok kontakt. I Sveio har dei vore veldig flinke heile vegen og det har vore jamt trykk, svarar Eriksen.

I Sveio vert det delt ut 415 gåver, av totalt 4.045 gåver på Haugalandet. Siste ynske som vart innfridd kom etter fristen, men var varsla på førehand.

– Aller siste gåve vart henta onsdag klokka 12.00, fordi den var bestilt over nett då dei ikkje hadde det i butikkar i nærleiken, fortel Eriksen.

Snart julefeiring

Ho gjev mykje ros til alle som har bidrege, og seier det var veldig få hjarte att i Sveio.

– Det var ein stad mellom 40 og 50, og dei har me kjøpt inn, seier Eriksen.

No går ho snart eiga julefeiring i møte og avslører kva ho sjølv ynskjer seg.

– Eit gåvekort på hudpleie og massasje, det hadde vore deilig, avsluttar ho.

Powered by Labrador CMS