nyhende
Meld frå om du finn døde fuglar
Hausttrekket av fuglar er i gong, og med det kjem smitterisikoen for fugleinfluensa. – Me er avhengige av tips frå publikum, seier Mattilsynet.
Smitterisikoen for fugleinfluensa i Noreg blir rekna som låg til moderat, men det er likevel viktig å ha auga med seg, skriv Mattilsynet i ei pressemelding.
– I løpet av hausten er det funne fugleinfluensa fleire stader i Europa, også i nabolanda våre Danmark og Sverige. Vanlegvis går Noreg klar av hausttrekket, men me kan ikkje garantera at smitta ikkje kjem til Noreg, seier Bente Fjermestad-Eie, seniorrådgivar i Mattilsynet.
For vel ein månad sidan blei det første tilfellet av fugleinfluensa påvist hos ein vandrefalk i Danmark, der smitta seinare har spreidd seg til ein hønseflokk i Randers. Det er også rapportert om tilfelle i Tyskland, Nederland og Storbritannia.
Ønskjer tips om døde fuglar
– Me er avhengig av tips frå publikum for at me tidleg skal kunna fanga opp tilfelle av fugleinfluensa. Dersom du finn døde andefuglar (endar, gjess og svanar), måkefuglar, vadarar, rovfuglar og åtseleterar (kråke og ravn), oppmodar me deg til å kontakta oss på telefon 22 40 00 00. Sjansen for å finna smitta fuglar vil vera størst i område som trekkfuglar nyttar som rasteplassar, seier Fjermestad-Eie.
Pass på hønene
Dei som har høner i hagen bør vera merksame på smitte, og gjera tiltak.
– Dersom du har høner i hagen kan du sjølv gjera førebyggjande tiltak for å hindra smitte til dyra dine. Å hindra direkte og indirekte kontakt mellom viltlevande fuglar og dine eigne fuglar er eit godt smitteverntiltak mot smittsame sjukdommar hos fjørfe, fortel Fjermestad-Eie.
Mattilsynet sine råd er å halda hønene under tak og ha jamleg reinhald der hønene oppheld seg. Vidare er det lurt å hindra at ville fuglar kan komma til matfatet til hønene dine. Du bør også ha eigne sko og overtrekksklede som du berre bruker når du steller hønene dine. Husk også god handvask og eventuelt desinfeksjon både før og etter at du har vore i kontakt med hønene, blir det minna om i pressemeldinga.