nyhende

Fleire unge slit med å sove. Søvnekspert meiner kunstig melatonin bør vere siste løysing mot søvnproblema.
Fleire unge slit med å sove. Søvnekspert meiner kunstig melatonin bør vere siste løysing mot søvnproblema.

Melatonin-salet fyk til vêrs: – Kan forsterke søvnproblem

Salet av kunstig melatonin har auka kraftig dei siste åra og særleg blant dei under 20 år. Kunstige søvnhormon bør vere siste løysing, ifølgje søvnekspert.

Publisert Sist oppdatert

Frå vi er bitte små produserer hjernen vår hormonet melatonin som er med på å produsere døgnrytmen vår. Men sidan 2019 har salet av kunstig framstilt melatonin nærast dobla seg, og i 2023 vart det selt over 870.000 pakningar i norske apotek. Søvnekspertar åtvarar mot å ty til søvnhormona utan rettleiing.

– Viss ein tek melatonin på feil tidspunkt vil det ikkje ha nokon effekt. Det kan til og med forsterke problema med å få sove, seier professor og søvnekspert Bjørn Bjorvatn ved Nasjonalt senter for søvnmedisin på Haukeland sjukehus til NRK.

Bjorvatn skulle gjerne sett at den populære søvnmedisinen berre blir selt ved resept, på grunn av risikoen for å gjere feil.

Slik brukar du kunstig melatonin rett:

  • Det viktigaste er å ta hormonet til rett tidspunkt og berre for ein kort periode.
  • Ta melatonin tolv timar etter du har vakna. Det vil seie å ta melatonin klokka 22 dersom du vakna klokka 10 på føremiddagen.
  • Flytt tidspunktet for når du tek melatonin til ein time tidlegare kvar dag, til for eksempel tek melatonin klokka 19, og skal stå opp klokka sju dagen etter.

Lite forsking

Ifølgje Bjorvatn har det ikkje blitt meldt inn skadelege verknadar av kunstig melatonin, men det er forska lite på søvnhormonet og den tilgjengeleg forskinga på søvnhormonet seier ingenting om verknadane ved bruk over lang tid. Ei bekymring er at langvarig bruk kan redusere kroppen si evne til å produsere stoffet naturleg over tid.

Mange av oss snur døgnet i ferien og for nokre vert det ei utfordring å kome tilbake til døgnrytmen som krevst for å gå på jobb og skule. Bjorvatn anbefaler heller å bruke naturlege metodar enn søvnhormon for å snu døgnet tilbake.

Slik snur du døgnet tilbake utan kunstig hormon:

  • Ikkje la barnet eller ungdommen snu døgnet heilt på hovudet i ferien.
  • Dersom døgnrytmen har forskyvd seg, er den billegaste løysinga å bruke dagslys. Professoren anbefaler ein mjuk overgang, ettersom dagslys for tidleg på morgonen vil flytte døgnrytmen feil veg.
  • Utsett deg for dagslys klokka elleve første dag, så klokka ti neste dag, deretter klokka ni. Det betyr at ein bør begynne nokre dagar før ein skal begynne på jobb eller skule.
  • Viss ein skal opp tidleg og ikkje har noko alternativ, er anbefalinga å bruke mørke solbriller dei første timane etter at ein har stått opp.
Powered by Labrador CMS