nyhende

Hegg angripen av heggspinnmøll får spøkelsesaktig utsjånad. Foto: Erling Fløistad
Hegg angripen av heggspinnmøll får spøkelsesaktig utsjånad.

Meir «spøkelses-hegg» i naturen dei siste åra

Har du sett hegg som er fullstendig dekt av eit gråkvitt spinn? Då er det sommarfuglen heggspinnmøll som har vore på ferde.

Publisert Sist oppdatert

Kraftige angrep av heggspinnmøll kjem normalt med 10–15 års mellomrom, fortel seniorforskar Paal Krokene ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) på Ås i ei pressemelding.

Tre som er kraftig angripne av heggspinnmøll får ein spøkelsesaktig utsjånad. Blada blir etne opp av larvar som lever eit beskytta liv på innsida av eit stort gråkvitt spinn som kan dekkje heile treet. Etter kvart som blada blir etne opp kan treet sjå heilt dødt ut.

Larvar av heggspinnmøll er gulkvite med svarte flekkar.

– Dei to–tre siste åra har vi registrert store angrep fleire stader i Sør-Noreg og same tre kan dermed bli angripe fleire år på rad, seier forskaren.

Sjølv om eit angrep av heggspinnmøll kan sjå svært dramatisk ut, forsikrar Krokene at dette er eit naturleg fenomen som naturen handterer sjølv.

NIBIO følgjer med på utviklinga og folk flest kan registrere angrep av heggspinnmøll på skogskader.nibio.no.

Powered by Labrador CMS