nyhende

Berre i Sveio er det milevis med fylkesvegar som treng vedlikehald.
Berre i Sveio er det milevis med fylkesvegar som treng vedlikehald.

Meir penger, men mindre vedlikehald

Fylkeskommunane brukte til saman 15,4 milliardar kroner til vedlikehald av fylkesvegar i 2023, viser eit oversyn som Norges Automobil-Forbund (NAF) har laga.

Publisert Sist oppdatert

– Kostnadane aukar monaleg, men den delen som går til vedlikehald minkar, seier Ingunn Hadagard, pressesjef i NAF, i ei pressemelding.

Vestland midt på treet

I Vestland fylkeskommune auka brutto driftsutgifter til vegvedlikehald frå 2,2 milliardar i 2022 til 2,4 milliardar i 2023. I 2023 tilsvarar det 3.717 kroner per innbyggar. Denne summen ligg midt på treet fylka i mellom. I forhold til folketalet brukte Troms og Finnmark mest på vedlikehald i fjor, 5.293 kroner per innbyggar. Viken brukte minst, 1.785 kroner per innbyggar.

Størst etterslep

Vestland er det fylket som har det største etterslepet når det gjeld vegvedlikehald, 17,6 milliardar kroner målt etter kroneverdien i 2022. Rogaland har det minste etterslepet, 4,9 milliardar 2022-kroner. Samla etterslep er på vel 95 milliardar kroner.

Regjeringa har lova ein milliard meir i året dei neste seks åra til vedlikehald av fylkesvegar. NAF meiner summen burde vore monaleg større.

– Potten for liten

– Det regjeringa har lova er ikkje nok til å ta unna det massive etterslepet på fylkesvegane. Potten er for liten, og me fryktar at midlane vil bli brukt opp til auka driftskostnader. Fylka treng meir hjelp enn dette for å få bukt med forfallet, seier Handagard.

Powered by Labrador CMS