nyhende

Ved midnatt natt til tysdag var det utført 9 millionar koronatestar her i landet sidan februar i fjor. I alt har 354.465 personar testa positivt. Foto: Jil Yngland / NTB / NPK
Ved midnatt natt til tysdag var det utført 9 millionar koronatestar her i landet sidan februar i fjor. I alt har 354.465 personar testa positivt.

Meir koronasmitte i Sveio

Fire nye sveibuar vart registrert smitta med covid-19 måndag.

Publisert Sist oppdatert
NTB/NPK/VESTAVIND: Det viser tal frå FHI, som baserer seg på kor den registrerte smitta har folkeregistert adresse, og som VG har publisert.
Dei sama tala viser at det er stort smittespress i regionen. Dete er tala for Sveio og nabokommunane måndag:
Sveio 4
Haugesund 30
Karmøy 17
Tysvær 1
Stord 39
Bømlo 0
Vindafjord 4
8 personar med covid-19 er innlagde på sjukehus i Helse Fonna-området.

Fallande trend i Noreg

Det siste døgnet er det registrert 4.041 koronasmitta i Noreg. Det er 823 færre enn same dag førre veke.

Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 4.531 koronasmitta per dag.

Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 4.733, så trenden er fallande.

Måndag var 373 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var 17 fleire enn dagen før.

121 av pasientane ligg på intensivavdeling, og blant dei er 75 på respirator. Det er fire fleire på intensiv og éin fleire på respirator samanlikna med dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt.

Ved midnatt natt til tysdag var det utført 9 millionar koronatestar her i landet sidan februar i fjor. I alt har 354.465 personar testa positivt.

Til no har 4.272.173 personar fått første dose av koronavaksinen, 3.901.947 personar har fått andre og 1.277.365 har fått tredje dose.

Til saman er 1.207 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal. Om pasientane har døydd av eller med covid-19, er ikkje alltid mogleg å slå fast.

59,4 prosent av alle døde har fylt 80 år. I aldersgruppa under 50 år er det meldt om 26 dødsfall i Noreg.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS