nyhende

Hamnespy spreier seg med enormt tempo langs norskekysten. Havforskarane er klare på at alle som ferdast på sjøen må ta ansvar for å avgrensa utbreiinga.

Meir hamnespy langs kysten: Ber båtførarar vere merksame

Sjøpung-arten hamnespy spreier seg med enormt tempo langs norskekysten. Fagfolk er klare på at alle som ferdast på sjøen må ta ansvar for å avgrense utbreiinga.

Publisert

– Arten er ein uønskt gjest i Noreg, og kan potensielt føre til veldig alvorlege konsekvensar i norske farvatn. Sannsynlegvis er det umogleg å utrydde hamnespy, difor jobbar vi primært med å avgrense spreiing, fortalde Marit Bull Talberg i Miljødirektoratet nyleg på eit seminar om hamnespy i regi av Havforskingsinstituttet.

Hamnespy spreier seg raskt og tek over leveområda til andre artar. Her er ein raudalge som er angripen av hamnespy.

Formeirar seg på fleire måtar

Hamnespy, også kjent som japansk sjøpung, er eit kolonidannande sekkdyr som etablerer seg i tette matter, og kan vekse på nær sagt alt mogleg. Den teppeliknande utbreiinga kveler artar den veks på.

Hamnespyet kjem opphavleg frå Japan, men med skipstrafikk har han spreidd seg til tempererte farvatn over store delar av verda. Arten blei for første gong oppdaga her i landet i Engøysundet i Stavanger i 2020, og har sidan då blitt påvist i Egersund, Stavanger, Haugesund, Bømlo, Bergen, Gulen og Florø. Havforskingsinstituttet trur arten vil spreie seg vidare i åra framover.

– Det er ei rekke småbåthamner langs nesten heile vestlandskysten der hamnespy har spreidd seg massivt, fortalde havforskar Vivian Husa frå Havforskingsinstituttet under seminaret.

Havforskar Vivian Husa fortel at hamnespy har spreidd seg til småbåthamner langs nesten heile vestlandskysten.

Det er fleire grunnar til at hamnespy spreier seg så raskt. Arten har få naturlege fiendar, og dei han har klarer ikkje å nedkjempe eventuelle koloniar. I tillegg har hamnespy fleire måtar å formeire seg på: både gjennom u-kjønna kloning og kjønna formeiring.

– Formeiringa skjer mest på våren og sommaren, og vi ser at koloniane skrumpar litt inn på vinteren, forklarte Husa.

«Alle» har ansvar

For å avgrense spreiinga av hamnespy så mykje som mogleg er det viktig at alle som ferdast på sjøen er medvitne om aktsemdplikta. Aktsemdsplikta er lovfesta, og forpliktar oss alle til ikkje å skade miljøet eller naturmangfaldet.

Mellom anna tilrår Miljødirektoratet at båteigarar sjekkar båten sin og utstyr. Ein bør unngå å flytte båtar eller utstyr som kan vere tilgrodde mellom ulike område og det er tilrådd å bruke botnstoff under båten.

Alle småbåteigarar har plikt til å følgje aktsemdplikta. Spesielt viktig er det å inspisere båtar som har vore i hamner der det er påvist hamnespy.

– Den ansvarlege må utføre passande tiltak for å redusere risikoen. Statsforvaltar, kommune og hamneeigarar i berørte område må bidra med lett tilgjengeleg informasjon om risiko, kva ein kan gjere for å avgrense spreiing og korleis ein kan fjerne hamnespy på ein trygg måte, sa Marit Bull Talberg i Miljødirektoratet.

Statsforvaltaren har myndigheit til å gripe inn dersom folk ikkje følgjer reglane og passar på.

– Vi er positive til at saker der ein har fått tydeleg informasjon og likevel ikkje utøver respons kan bli melde til politiet, sa Talberg.

Prikkane på dette kartet syner stadane i Noreg det er påvist hamnespy.
Powered by Labrador CMS