nyhende

Det er nå registrert 404.551 tilfelle av koronasmitte i Noreg. Foto: Erik Johansen / NTB / NPK
Det er nå registrert 404.551 tilfelle av koronasmitte i Noreg.

Meir enn 150 nye positive testar på Haugalandet – 4 i Sveio

Massetestinga i skular og barnehagar etter nyttår ser ut til å ha avdekt mykje ny smitte på Haugalandet. Flest i Haugesund og Karmøy, og fire i Sveio.

Publisert Sist oppdatert

NTB-NPK/VESTAVIND: Det er tal frå Folkehelseinstituttet, og som VG publiserer, som viser hoppet i tale på nye smitta på Haugalandet.

Det er grunn til å tru at det er massetesting av elevar og tilsette i barnehagar og skular som har avdekt mykje ny smitte i regionen. Både i Haugesund (77 ), Karmøy (64), Tysvær (6) og Sveio (4) spratt talet opp frå dagen før.

Også på Stord gjekk smittetalet kraftig opp igjen. 23 nye stordabuar vart registrert smitta måndag.
Sidan starten av pandemien har 296 sveibuar testa positivt for covid-19.
Talet på innlagde pasientar med covid-19 i Helse Fonna-området held seg nokså stabil, og er 9 tysdag.

Faktaboks

Registrerte personar med folkeregistrert adresse i kommunane 3. januar 2022:

Sveio: 4

Haugesund: 77

Karmøy: 64

Tysvær: 6

Bokn: 0

Vindafjord: 1

Etne: 0

Stord: 23

Bømlo: 1

Kjelde: FHI/VG

Over 400.000 smittetilfelle i Noreg

Siste døgn vart det registrert 5.233 nye tilfelle av koronasmitte i Noreg, ifølgje tal frå FHI. Det betyr at det samla talet på smitta har passert 400.000.

Det samla talet er ifølgje Folkehelseinstituttet (FHI) 404.551 registrerte tilfelle av koronasmitte.

Helsestyresmaktene reknar med at talet vil auke både i januar og februar no som omikronvarianten har fått skikkeleg fotfeste i Noreg.

Det blir ikkje minst illustrert med at Noreg passerte 300.000 smittetilfelle 9. desember. Dei neste 100.000 tilfella har altså komme i løpet av under éin månad.

80.000 mellom 10 og 19 år

Det er òg venta eit smittehopp fordi elevar og lærarar no massetestar seg etter skulestart.

Over 80.000 av smittetilfella er i aldersgruppa 10 til 19 år, viser tala frå FHI.

Berre etter årsskiftet er det registrert 7.521 smittetilfelle totalt.

Oslo står for ein firedel av smittetilfella. Siste døgn registrerte hovudstaden 1.033 nye koronasmitta, og kom dermed opp i totalt 100.660 smittetilfelle, ifølgje kommunen.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS