nyhende

Hytter ved Ålfjorden.ARKIVFOTO: IRENE FLATNES HALDIN
Hytter ved Ålfjorden.

Meiner hytteeigarar bør få straumstøtte

Publisert Sist oppdatert
NPK: Noregs Hytteforbund meiner det kan få konsekvensar for hyttekommunar dersom høge straumprisar gjer at familiar held seg heime.

Norges Hytteforbund meiner hytteeigarar bør vere ein del av støtteordninga til regjeringa.

– Vi synest det er underleg at fritidsbustader ikkje er med, seier styreleiar Trond Hagen til NRK.

Han argumenterer med at turistar i hyttekommunar står for mykje av inntektene til matbutikkar, byggjevarer og handverkarar.

– Lokalbefolkninga klarer ikkje sørgje for at matbutikkar overlever. Viss folk sluttar å dra på hytta, tener ikkje små og mellomstore skianlegg pengar. Dersom dei stengjer, kan det føre til at færre reiser.

På Facebook blir straumprisane diskuterte kraftig. Enkelte som har hytte på Rauland hevdar å ha fått rekning på opptil 8000 kroner etter å ha opphalde seg til fjells i nokre få dagar.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS