nyhende

Med hoppetau og hjartemarsj for betre helse

Med ordførar André Mundal Haukås (H) som aktivt medverkande gjest, starta Valestrand Helselag og Valestrand oppvekstsenter måndag ein vekelang hoppetau-konkurranse.

Publisert Sist oppdatert

«Hopp for hjertet 2024», som konkurransen heiter, er ein del av den landsomfattande hjarteveka til Nasjonalforeningen for folkehelsen.

Valestrand Helselag inviterer også til hjartemarsj søndag med start og avslutning på Kleivo.

Tok utfordringa

– Det er lenge sidan eg har hoppa tau. Så her treng eg at nokon viser meg, sa ordføraren då han som førstemann fekk tildelt hoppetau og blei utfordra til å visa kunstene sine framfor elevar, lærarar og helselagmedlemmer.

På landsbasis var 100.000 elevar med på oppstarten av årets hoppetau-konkurranse. Og sveioordføraren var slett ikkje den einaste politikaren som stilte opp saman med elevane. Den nasjonale konkurranen blei offisielt opna i Stavanger av kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun.

Meir fysisk aktivitet

– Målet med konkurransen er å inspirera til auka fysisk aktivitet. Barn i Norge rører for lite på seg. Ein del er aktive innan idrett på fritida, men mange sit mykje stille, seier generalsekretær Mina Gerhardsen i Nasjonalforeningen for folkehelsen i ei pressemelding.

Valestrand oppvekstsenter har i mange år vore med i den årlege hoppetaukonkurransen, fortel rektor Arve Myklebust. Det er skulen som melder seg på og får tilsendt hoppetau og anna materiell frå Nasjonalforeningen. Elevane konkurrerer klassevis, og den beste klassen på kvar skule brukar å få ein premie frå Nasjonalforeningen.

– Konkurransen blir avvikla slik at elevane får ta fleire kortare avbrekk frå undervisninga i løpet av skuledagen for å hoppa tau. Kontaktlærarane noterer kor mange minuttar kvar elev hoppar. Når veka er slutt blir sluttresultatet meldt inn til Nasjonaleforeningen, fortel Myklebust.

Elevane får poeng for kvart minutt dei hopper. Maksimalt kan dei oppnå 60 poeng per dag. Då må dei hoppa tau i ein time.

Gratis frukt heile året

Så lenge var det ingen som heldt på måndag føremiddag. Etter nokre elleville minuttar med mykje latter og leik, fekk elevane runda av med frisk frukt før turen gjekk tilbake til klasseromma.

Frukta var ei gåve frå Valestrand Helselag, og slik er det ikkje berre i hjarteveka. Kvar veke gjennom heile skuleåret får oppvekstsenteret gratis frukt frå helselaget.

– Me brukar 17.000 kroner i året på dette tiltaket, somn me sikkert har halde på med i ti år, fortel helselagsleiar Inger Bente Nilsen og medarbeidareane hennar, Olga Schmall, Torun Valen Frøkedal og Synnøve Strømøy.

Aktivt lokallag

Valestrand Helselag er ein 103 år gammal organisasjon med 102 medlemmer. Før var det fleire helselag i Sveio kommune. Ei tid har Valestrand Helselag vore åleine igjen, men no er Sveio Helselag i sentrum starta opp igjen med nokre få medlemmer, fortel Nilsen. Ho oppmodar folk til å slutta opp om det nystarta lokallaget.

Då Valestrand Helselag feira 100-årsjubileum i 2021, blei det gitt ut ei jubileumsbok som ordføraren fekk eit eksemplar av måndag.

Hjartemarsj søndag

I år gjer dei litt meir ut av hjarteveka enn tidlegare. Nilsen stilte for eksempel på skulen med T-skjorter til alle elevane. Hjartemarsjen søndag går langs helsestien som helselaget tilrettela for nokre år sidan. Den har fleire alternative traséar, den kortaste er rundt to kilometer. Under vegs blir det quizzar og balongar til barna. Etter vel fullført marsj tilbyr helselaget gratis suppe og sunne vaflar på Kleivo

– Det er gratis å delta, men deltakarane blir oppmoda om å gi frivillige gåver til Nasjonalforeningen, fortel Nilsen vidare.

Helselaget har elles nyleg avslutta eit kurs i lefsebaking. Dei skal arrangera sommartur for eldre til Fjæra, tiltak på Sveio omsorgssenter og ulike kurs til hausten. Aktivitetar for yngre står også på planen.

Me er eit aktivt lag, og helselagsarbeid er ikkje berre for eldre, seier Nilsen.

Powered by Labrador CMS