nyhende
Med bestefar bak Sildabordet
For 38. gong var sveiokokken Thore Nærum laurdag med på å laga det tradisjonelle Sidabordet i Haugesund sentrum. Og for tredje år på rad hadde han med seg barnebarnet Mats Østerli Nærum (11).
– Mats stortrivst med dette og gler seg kvar gong. Han var også med på eit lite sildabord som me stelte i stand på Obs! sist fredag, fortel ein stolt bestefar.
Han fortel også at barnebarnet alt har lært ein god del om sild. Han er svært interessert i matlaging elles også.
– Ein må tidleg krøkjast som god krok skal bli, veit du, seier Nærum, som likevel ikkje tar det for gitt at Mats kjem til å velja kokkeyrket når han blir stor.
For 38. gong
«Verdas lengste sildabord» i Haugesund blei arrrangert første gong for 40 år sidan. Thore Nærum har altså vore med i 38 av desse åra og fortel at medlemmene i Kokkenes Mesterlaug, som står bak arrangementet, storkosar seg med jobben.
På grunn av økonomien har sildabordet stått i fare for å bli nedlagt fleire gonger. I år blei berginga ein spleis som har gitt eit tilskot på 120.000-130.000 kroner.
Cruisepassasjerar
Årleg brukar rundt 20.000 haugalendingar å forsyna seg av Sildabordet. I år var talet høgare, blant anna fordi eit cruiseskip med 4.000 passasjerar låg til kai i Sildabyen samstundes med at sildabordet blei servert.
– Me høyrde både engelsk og italiensk rundt bordet. Og alle eg snakka med var svært nøgde, fortel Nærum.