nyhende
– Me vil gjerne at maten me lagar skal etast
Dei neste vekene blir det rulla ut mange hundre tonn med norske graskar til butikkane.
– Me byrja forsiktig med hausting av halloween-graskara i byrjinga av september, og no aukar det berre på framover. I veke 42 eksploderer det. Samla skal me levere rundt 600 tonn.
Anne Eline Nærstad (26) peiker mot dei fulle kassene inst i eitt av dei svære veksthusa på Linnes gard i Gullaug. Anne Eline er gartnar og femte generasjon bonde på garden.
Mora Ragnhild nikkar. Ho og ektemannen Terje kjøpte garden i 2001 og starta graskarproduksjon fire år seinare. Sidan den gong har interessa for graskar skote stor fart.
I tillegg til dei oransje halloween-graskara, produserer familien rundt 120 tonn med matgraskara Hokkaido og Crown Prince butternut grey. Desse er allereie ferdig hausta for å gjere plass til den oransje varianten. Snart kjem han til å fylle kvar einaste kvadratmeter i dei seks digre veksthusa.
Inspirasjon frå USA
Ei trekasse aleine inneheldt rundt 400 kilo graskar, fortel Ragnhild, som i si tid henta inspirasjon til graskarproduksjonen i USA:
– Bama, som er den største kunden, vil ha halloween-graskar på mellom 2 og 10 kilo, og ideelt sett skal dei vege mellom 4 og 6 kilo. Det er fordi graskara skal vera enkle å få med seg frå butikken og kunne få plass i ein vanleg handlepose.
Større og mindre graskar blir difor sortert ut, saman med graskar som ikkje fyller andre standardar, forklarar Anne Eline:
– Graskara skal vera frie for sopp og insekt, og ein viss prosentdel av skalet skal vera heilt reint og utan liggjemerke. Graskara ligg jo på jordet, så det er umogleg å unngå den flekken som viser at det har vore i kontakt med bakken. Heilt runde og plettfrie blir dei heller ikkje. Dette er jo naturprodukt.
Frå Sogn til Lier
Tippoldefaren til Anne Eline, Erik Husabø, var den første i familien som dreiv garden i Lierdalen. Han flytta hit frå Sogn i 1928 og starta først med mjølkeproduksjon. Det var neste generasjon som byrja med korn, potet og grønsaker. Då Ragnhild og mannen overtok, slutta dei etter kvart med korn og potet og utvida grønsaksortimentet i staden.
Samla dyrkar dei no grønt på til saman 1.300 mål. 700 av dei tilhøyrer garden, resten er leigejord.
Også Anne Eline og sambuaren er aktivt med i produksjonen av dei 25 grønsaksortane og salattypane. Kvar einaste av dei mange hundre tusen småplantene blir eigenhendig dyrka fram i veksthusa her og planta ut og hausta etter ein nøye gjennomtenkt plan. Graskarfrøa blir til dømes sådd innomhus i slutten av april og planta ut som pluggar i midten av mai.
– Graskar veks uvanleg fort. Så lenge dei har vatn og godt med varme, breier dei seg veldig – dei kan vekse i luft. Det er heilt fantastiske planter, konstaterer Anne Eline.
Haustar for hand
Innhaustinga er derimot meir krevjande. Først blir den tjukke stilken skoren over medan graskara ligg i åkeren. Så blir frukta liggjande å mogne og tørke, heilt til bladverket visnar ned og stilken skrumpar inn slik at frukta blir hermetisk lukka. Også innhaustinga skjer for hand. Deretter blir eitt og eitt graskar mata inn i den nye vaskemaskina og pakka og merka.
Prosessen krev både mange og sterke hender. Dei er det ikkje råd å få tak i her til lands, så sesongarbeidarane kjem i hovudsak frå Polen, Ukraina og Vietnam. I august, då gardsfolket måtte plante og hauste samstundes, var dei heile 80 personar i sving. I september og oktober tel arbeidsstokken mellom 60 og 70, og i november det halve.
– Ettersom kvart graskar blir handtert manuelt fleire gonger, er dette også ein av dei tyngste produksjonane me har på garden. Det er ganske krevjande fysisk arbeid, så den jobben er det stort sett karane og eg som tek oss av, seier Anne Eline og flirer.
Mette før festen
Både ho og mora vedgår at dei ikkje er av dei største halloween-entusiastane, og at dei i alle fall ikkje er av dei som pyntar heime med utskorne halloween-graskar. Når kalenderen syner 31. oktober plar dei å ha fått metta si for lengst.
No, derimot, og rundt juletider, brukar dei ofte graskar på kjøkkenet. Til middag; sylta, eller som erstatning for søtpotet, og i bakst, der Ragnhild gjerne byter ut gulrot med graskar i kaker og muffins. Begge er også glade i rista og salta graskarfrø som snacks:
– Det er nok framleis mange som berre brukar graskar til pynt, men for oss er jo dette matproduksjon. Stor matproduksjon, seier Anne Eline.
Ragnhild nikkar og påpeikar at det dei siste åra er lagt ned mykje innsats i å få folk til å bruka innmaten i halloween-graskara. Det er ho glad for.
– Samstundes kan me jo ikkje bestemme kva forbrukaren gjer med vara. Me kan berre informera om alle moglegheitene som finst. For me vil jo gjerne at maten me lagar skal etast.