nyhende

Dette gjer Knut Lier i påsken.

– Me var på fjellet, gjekk på ski og kosa oss i sol­veggen

Påsken er i gang, og for mange blir dagane brukte på heilt ulike måtar. Me i Vestavind har spurt ulike sveibuar om korleis påsken deira ser ut.

Publisert

Dagens påskeenquete

Namn: Knut Lier

Alder: 69 år

Bustad: Liereid

– Feirar du påske?

– Nei, eg gjer eigentleg ikkje det. For meg handlar påska mest om at det er fridagar.

– Kva skal du i påsken?

– Det kjem litt an på vêret. Blir det fint, tek me kanskje ein tur med bubilen. Viss ikkje, blir me heime ved sjøen.

– Har du nokre påskefavorittar?

– Nei, eg har ikkje det.

– Kva er ditt beste påskeminne?

– Det må vera då ungane var små, og me var på fjellet, gjekk på ski og kosa oss i solveggen.

Powered by Labrador CMS