nyhende
— Me utfordrar alle i Noreg til å skriva nynorsk
På torsdag er det beint 137 år sidan nynorsk og bokmål vart jamstilte målformer. — Me vonar me får sjå nynorsk frå alle kantar denne dagen, seier Noregs mållag og Norsk målungdom.
Den 12. mai 1885 fatta Stortinget det såkalla jamstillingsvedtaket. Dette innebar at nynorsk og bokmål vart sidestilte målformer.
For å markera dette, og for å markera frivilligåret 2022, har Noregs mållag og Norsk målungdom sendt ut oppmodingar om å berre skriva nynorsk komande torsdag.
— Nynorsk er for alle, og på nynorskdagen er det lov å prøva, seier Peder Lofsnes Hauge og Frida Pernille Mikkelsen, som er høvesvis leiar i Noregs mållag og Norsk målungdom.
— Me ynskjer at fleire skal ta steget og faktisk skriva nynorsk. At fleire får møta nynorsk, vil tena alle, held Mikkelsen fram.
Både friviljuge organisasjonar, privat næringsliv, delar av kulturlivet, departement, direktorat og fleire statlege verksemder har motteke oppmodinga frå Mållaget og Målungdomen.
— Me vonar me får sjå nynorsk frå alle kantar denne dagen, seier dei.