nyhende

Mogleg sal av kommunale bygningar:

– Me treng ein plass å samlast på fritida

Brukarar av gamle Lid skule vil at politikarane skal vita at det er mykje aktivitet både ute og inne. – Det er eit stort behov for å behalda bygget, seier Inger Emilie Kvalvåg Panayiotou.

Publisert Sist oppdatert

Inger Emilie Kvalvåg Panayiotou har vore engasjert i lokalmiljøet i mange år, no først og fremst gjennom styret i for grendahuset og som klubbrådgjevar i Lid 4H

Tilfeldigheiter gjorde at ho blei kjend med den politiske saka som tar føre seg mogleg sal av ulike bygg i kommunen, blant dei Lid skule, som blei lagt ned for sju år sidan.

Vemodig

– Det var eigentleg eit sjokk, men ingenting er avgjort enda og me vil vera med å påverka, seier Panayiotou. Ho synest det er vemodig at ho og andre i krinsen må stå i nok ein kamp, no for å behalda eit sentralt samlingspunkt.

Desse damene bruker mykje tid på å halda Lid grendahus på stell, og kan ikkje tenka seg ein kvardag utan samlingspunktet i bygda. Inger Emilie Kvalvåg Panayiotou (t.v.) og Lilly Krossgått Helland.

Panayiotou, som bur på Kvalvåg, møter stundom som varamedlem i kommunestyret, men sjølv om ho er med i politikken var ho ikkje klar over prosessen før ho blei tipsa.

– Eg trudde det gjekk an å halda kanalane opne, seier ho, noko skuffa over at styret ikkje blei kontakta av kommunen før saka blei lagt ut offentleg. Ho veit at dette kom brått på fleire rundt om i krinsane.

Stort behov

Vestavind blei invitert til grendahuset tysdag denne veka, då hadde 4H-klubben oppstartsmøte for nye og gamle medlemer med foreldre. Det heile gjekk føre seg ute i henhald til gjeldande anbefalingar. Medan barn og foreldre koste seg med kakao, og pizza frå den lokale pizzasjappa, kom jentespelarar frå Sveio IL gåande forbi, dei skulle trena fotball i gymsalen.

– Det er eit stort behov for å behalda bygget, her er fotball, drill og korps, for å nemna nokon, seier Panayiotou.

Kjernen i krinsen

Agnete Flatnes Skarveland (17) og Ingvild Haugland (16) er leiar og nestleiar i Lid 4H. Dei bruker grendahuset for å halda møte og aktivitetar for sine medlemmer.

– Me treng ein plass å samlast på fritida. 4H-klubben vil slita om me ikkje har ein fast plass å vera, seier Skarveland, som fekk vita om dei moglege salsplanane tidlegare denne tysdagen.

– Mange samlast her. Det er ein plass for heile krinsen, sjølve kjernen. Det ville vore dumt å selja, huset blir mykje brukt, og står ikkje tomt, seier Haugland.

Powered by Labrador CMS