nyhende
— Me tok den same karusellen ti gongar på rad
Alexia Stueland er dagens gjest i spalta «Hei, sveibu!»
— Kva gjer du til dagleg?
— Eg jobbar som revisor i Deloitte på Risøy. Der har eg jobba ganske lenge, sidan 2014. Det vart seks år i Oslo og så flytta eg tilbake til Haugesund i 2020 under covid-pandemien.
— Kva er det beste med å vere sveibu?
— Det fina samhaldet me har med sveibuar. Spesielt dei eg har gått i klasse med i ti år, at me framleis treffast den dag i dag. Det er eit skikkeleg godt samhald, me passe på kvarandre. Og så er det det å ta seg en dupp i Vigdarvatnet på fine sommardagar.
— Er det noko du saknar i Sveio?
— To ting, symjehall og litt fleire lysløyper som det går an å gå tur i når det er mørkt og kaldt. No har du berre golfbana.
— Kva er ditt beste Sveio-minne?
— Det må vere Sveio-dagane då eg var liten. Når det kom karusell til Sveio, me tok den same karusellen ti gongar på rad. Me handla masse greier som smykke, snop og sånt på de boda som var der.
— Kven i Sveio vil du framsnakke, og kvifor?
— Sveio idrettslag. Fordi dei skapar gode fritidstilbod til ungane og samhald på tvers av aldrar og kva familie du er frå. Det er ein inkluderande kultur der.