nyhende
— Me skal bli verdsmeistrar på samarbeid
Å bygga eit sterkt lag og utnytta kapasiteten på tvers av lokasjonar vil gje betre finansiering og kvalitet på tenestene, meiner administrerande direktør og styreleiar i Helse Fonna.
Økonomien skal ikkje stå i vegen for eit godt tenestetilbod og vidare utvikling, slår administrerande direktør og styreleiar i Helse Fonna fast.
— Me skal bli verdsmeistrar på samarbeid. Det vil gjera oss meir robuste, seier administrerande direktør Anders Hovland.
Styreleiar Petter Steen jr. følgjer opp slik:
— Me må snakka om Fonna-familien, ikkje Stord, Valen, Odda og Haugesund. Alt heng saman med alt, og saman er me gode. Me må utnytta totalkapasiteten betre, og ikkje senda pasientar ut av regionen. Det vil bygga lag, og gi oss betre finansiering. For å få dette til må me ha med oss alle.
Nøgde med tiltaksplanen
Styret i Helse Fonna diskuterte også vidare økonomiske tiltak for å få drifta til å gå i balanse. No er den endelege lista klar, og den inneheld alt frå redusert innleige av personell og betre utnytting av kapasiteten sjukehusa i mellom, til sparing av straum og mindre bruk av privat bil, skriv Helse Fonna i ei pressemelding frå styremøtet torsdag.
Dei siste punkta på lista gjer at ein kan spara sekssifra beløp, men det er først og fremst tre store postar som gjer at ein til saman kan få ei betring på over 70 millionar kroner i 2023: Reduksjon av innleige frå byrå, lågare kostnader knytt til Covid-19, og høgare inntekt som følge av betre koding.
Med smått og stort presenterte administrasjonen ein tiltaksplan på 110 millionar kroner inneverande år. Styret gav både full støtte til planen og for godt og grundig arbeid av administrasjonen.
Ventetid og fleire faste stillingar
Rapporten for april syner at ventetida framleis er for lang på alle behandlingsområda med unntak av tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB). Avviket er størst for barn og unge, kor kravet er 35 dagar, medan ventetida har vore rundt 60 dagar så langt i år.
Innan somatikk var det i april 30 pasientar som var melde utskrivingsklare medan dei venta på helse- og omsorgstenester frå kommunen. Pasientane låg til saman 96 døgn. Hittil i år er det Stord, Karmøy og Tysvær som har hatt størst utfordringar med å ta imot utskrivingsklare pasientar.
Helse Fonna har også positive ting å melda. Blant anna at sjukefråværet har gått ned dei første fire månadane av året. Det er også positivt at talet på faste stillingar aukar, samanlikna med midlertidige stillingar. Det same mønsteret gjeld også for heiltid og deltid, med auke i talet på heiltidsstillingar.
Negativt avvik på 20,9 millionar
Rekneskapen for april viser eit negativt avvik på 20,9 millionar kroner. Avviket er knytt til høgare lønskostnad og høgare utgifter til gjestepasientar enn budsjettert, samtidig som pasientrelatert inntekt er lågare enn budsjettert.
— Det store økonomiske avviket for april syner den store utfordringa som framleis er knytt til drifta i føretaket. Føretaket har sett i verk tiltak som skal redusera kostnadane, og mange av desse er realisert eller i samsvar forventa periodisering så langt, seier Hovland.
Styret fekk også informasjon om den årlege medarbeidarundersøkinga om arbeidsmiljø, kalla ForBetring. Her er resultata generelt sett gode, og Helse Fonna har nest høgast svarprosent blant føretaka i Helse Vest, med ein svarprosent på rundt 75.