nyhende
– Me ser at folk set pris på det me gjer
Nærbutikken i Auklandshamn har i heile korona-perioden hatt stort fokus på reinhaldet.
Korona-pandemien har ført til krav om auka reinhald. Ved lokalbutikken i Auklandshamn er vaskerutinane utvida og både tilsette og kundar følgjer opp helsestyresmaktene sine råd, pluss enda litt til.
– Me er oppteken av at folk skal føla seg trygge når dei kjem og handlar, fastslår kjøpmann Åse Marie Økland.
Alle berøringspunkt i butikken blir vaska kvar time, og brukte handlekorger blir samla i ei eiga ureinsone, der dei blir reingjorde før neste kunde.
– Me ser at folk set pris på det me gjer, og at dei kjenner seg trygge, fortel Økland som har drive butikken sidan 2013. Verksemda har seks deltidstilsette.
Faste rutinar
– Følgjer kundane smittevernreglane?
– Ja, dei har fått det inn nå! Økland ler og legg til:
– Me har vore svært nøye med at kundane har desinfisert hendene før dei får gå inn i butikken, dét er jo ikkje berre for deira eigen del, men for oss alle.
Økland vil også trekkja fram dei yngste som flittige brukarar av spritautomaten ved inngangen.
– Dei tek det med eit smil og er flinke til å passa på kvarandre.
Avstandsregelen på minst ein meter blir også stort sett overhalde, og i dei tilfella det glir ut er betjeninga frampå med gode råd.
– Det har blitt fast rutine, me gjer det automatisk, smiler Økland.
Slush i kinopausen
Lokalbutikken i Auklandshamn er oppteken av å ha eit godt tilbod til lokalsamfunnet. Nærbutikken skal eigentleg ikkje opna før klokka ni, men Åse Marie Økland opnar gladeleg dørene tidlegare slik at skuleborn kan ha ein plass å vera når foreldra har reist på arbeid. Men «skulefritidsordning» er ikkje eit ord som blir brukt blir me fortalt – her heiter det «Open dør».
Kino og torsdagstreffet er til så lenge sett på pause grunna koronapandemien, men som plaster på såret har butikken gått ein innkjøp av ein slushmaskin.
– I år har me hatt ein slush-sommar i Auklandshamn, ler Åse Marie Økland.
Ser resultat
Dei tilsette ved Auklandshamn handel kan sjå tilbake på ein travel og krevjande sommar, men som også har slått positivt ut når det gjeld omsetnaden.
– Det har vore ein Noregs-ferie, det har me fått merka. Hyttefolk har vore innom, og også folk frå andre plassar av kommunen som har kome og handla hos oss. Sommaren har vore svært bra, konstaterer Økland nøgd.