nyhende
– Me overlever, men det er ei veldig tøff tid me er inne i
– Julebordsesongen skil seg merkbart ut frå tidlegare år, bekreftar Peter Jepsen i Catering Spesialisten. Han håpar situasjonen vil endra seg når korona-vaksinen blir tilgjengeleg.
Sveibu Peter Jepsen har drive Catering Spesialisten i Tittelsnesvegen i Haugesund i mange år. Verksemda har i dag tre tilsette på fulltid, i tillegg til 10 personar på timebasis.
– Det er dei på timebasis dette har gått verst utover. Elles har me hatt tre årsverk sysselsette i heile pandemiperioden, men me har måtta jobba hardt for å halda det gåande, fortel Jepsen.
Noko kompensasjon
I desember var det langt færre julebord enn tidlegare, det fekk også Caterings Spesialisten merka.
– I staden for femti personar, vart talet gjerne redusert til 10-12, dermed måtte me opp i langt fleire bestillingar for å få den same innteninga, opplyser Jepsen.
Trufaste sveibuar
Han legg til at bedriftene i Sveio alltid har vore flinke til å slutta opp om verksemda når det er snakk om julebord, men fjoråret var det naturleg nok begrensa kva dei kunne stilla opp som følgje av pandemien.
Frå lokaliteten i Tittelsnesvegen blir det laga både varmrettar og smørbrød. Folk kan koma innom og henta, eller få maten levert på døra. Catering Spesialisten har også sitt eige selskapslokale, «Skipperstuen», i Haugesund sentrum. Her er det for tida ingen aktivitet. Årsaka er smittevernreglar, og til dels også endringar i opningstider som følgje av pandemien.