nyhende

Landbruksministeren om framtidslandbruket:

– Me må satsa på matberedskap

Landbruket utviklar seg konstant. For gjera det meir attraktivt å vera bonde, meiner landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) at lønsemda i gardsdrifta må aukast.

Publisert Sist oppdatert

Norske landbrukseigedommar er i ein overgangsfase. Innan neste år skal alle pelsdyrfarmar vera avvikla. Alle norske fjøs med storfe må ha omstilt seg frå bås til lausdrift innan 2034. Samtidig blir det færre bønder.

– Korleis skal regjeringa imøtegå denne utviklinga?

– Då trur eg me må gjera mange ting. Me må styrka landbruksutdanningane, og så handlar det om å gje landbruket ein høgare status i samfunnet. Når ungdom ønsker seg inn i Forsvaret, er det ikkje nødvendigvis fordi dei synest at det er så kjekt å gå lenge i skogen utan mat. Det er jo fordi at det er viktig å ha eit forsvar, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) til Nynorsk pressekontor.

Vil bli meir sjølvstendig

– Verda har blitt meir utrygg, og me skal satsa store pengar på forsvar, men me må òg satsa på annan beredskap. Matberedskap er eitt av desse satsingsområda, seier Pollestad.

– Noreg har i dag ei sjølvforsyningsgrad på rundt 40 prosent, så 60 prosent av maten me et er importert.

Dette forholdet vil Pollestad jamna ut slik at det svarar til 50–50.

– Det høyrest ikkje så mykje ut, men i dei 50 prosentane med import er det typiske matvarer som me ikkje produserer sjølv i Noreg, som tropisk frukt og sukker.

– Generasjonsskifta er tunge

Landbruksministeren trur det viktigaste ein kan gjera for å heva sjølvforsyningsgrada er å styrka økonomien i å driva gard i Noreg.

På denne måten håpar han òg at ein kan motivera både unge som er fødde inn i landbruket og utanforståande til å bli bønder. For skal ein tru statistikken, har bildet dei siste åra vore mykje anna enn opplyftande.

– Generasjonsskifta er tunge, men me treng at nye generasjonar tek over. Mange bruk kjem nok til å gå i arv framleis, men eg trur òg at me vil sjå meir kjøp og sal av landbrukseigedommar. Det handlar om lønsemd, som igjen går utover sjølvforsyninga. Dette er ein sirkel.

Pliktar å gje  stønad

Men det er dyrt å vera bonde. Debatten om lausdriftsfjøsa har rulla og gått i ei årrekke. Pollestad seier at overgangen frå bås til lausdrift er ein type endring som me må tola.

– Men så har staten òg ei plikt med å stilla opp med pengar til investeringar slik at bonden kan ha ein god økonomi i botn der han eller ho både kan betala renter og har ei inntekt til å leva av.

Kravet om at alle norske fjøs skal vera lausdriftsfjøs innan 2034 er urokkeleg, og Pollestad grunngjev det med at butikkjedene brått kan seia at dei ikkje vil selja mjølk frå båsfjøs.

– Me kan ikkje utsetta det kravet. Det er berre ikkje aktuelt.

Velja meir norske produkt

Karrige steinflater, bratte fjordsider og bitande kalde vintrar gjer at det allereie er vanskeleg nok å driva jordbruk her til lands. Så er det eigentleg realistisk at Noreg skal kunna klara auka sjølvforsyningsgrada over tid?

– Ja, det meiner eg, svarar landbruksministeren.

– Det me må gjera då er for det fyrste å sørgja for at forbrukarar, kommunar og bedrifter spør etter meir norsk mat. Og så må me bruka meir av gras- og beiteressursane til fôr. Slik kan me korrigera denne sjølvforsyningsgrada med tanke på importråvarer. Sei at 100 prosent av alle egga er norske, men berre 60 prosent av hønsefôret er norsk, då er sjølvforsyninga lik 60 prosent, ikkje 100 prosent, forklarar Pollestad.

Er vi villige til å betala meir?

Landbruksministeren meiner at me også bør revurdera bruken av importert soya i kraftfôret til mellom anna kylling og svin. Og han meiner at inntaket av lokalt foredla grønsaker som poteter, må opp.

– Men kva vil dette bety for prisen på matvarene?

– No er prisane på verdsmarknaden ganske høge, og faktisk høgare enn dei norske prisane. Mellom anna er mjølkeprisen høgare, mens den norske prisen har halde seg stabil. Så dette med pris er jo òg ein kostnad som me som samfunn må ta stilling til om me vil ta, seier matministeren.

Powered by Labrador CMS