nyhende
– Me må passa på elevane anten dei går i Vestland eller Rogaland
– Ein treng ikkje laga bekymringar om det ikkje er grunn for det, seier Rosalind Fosse (FrP). Skulepolitikaren snakkar om avtalen Vestland og Rogaland har om kjøp av elevplassar på tvers av fylka.
Sveio kommune vurderer om dei skal søka seg over til nabofylket Rogaland. Eitt argument er at elevane då er sikra at dei får gå på vidaregåande skule på Haugalandet i framtida. No får dei søka seg til skulane i sør, takka vera ein avtale mellom fylka.
Av enkelte blir det trekt i tvil kor solid denne avtalen er, og at det er opp til politikarane. Det er forsåvidt rett, men ingen av dei Vestavind har snakka med frå Vestland fylke, seier at avtalen står i fare. Tvert om er dei nøgde over å gi eit godt tilbod til Sveio-ungdomen.
Skjønar bekymringa
Ruth G. Østebøvik Eriksen frå Sveio FrP er av dei som har uttrykt at ho ikkje kjenner seg sikkert på at avtalen er trygg.
– Eg forstår at ho er bekymra. Om ein skal følgja prinsippet i nærskulebiten, skulle elevane gått til Sunnhordland. Men så har det alltid vore den eigne avtalen – ingen politiske parti har sagt noko om at dei vil gjera endringar i den. Me har heller ikkje fått signal frå Rogaland om at dei vil endra den, seier partikollega Rosalind Fosse.
Askøyværingen er både kommune- og fylkespolitikar, og har 20 års fartstid som politikar. Ho bekreftar det som Vestavind har fått høyra frå opplæringsdirektør og leiar for hovudutval for opplæring og kompetanse i Vestland – det har aldri vore politisk usemje rundt avtalen.
Ho legg til at det er veldig viktig for alle politikarane at innbyggjarar i ytterkantane har eit godt tilbod.
Passar på elevane
– Men det kan bli tatt opp?
– Det må takast opp om ein ønskjer endringar i avtalen. Det er ikkje heilt rett at det ligg på administrativt nivå, seier Fosse.
Administrasjonen kan gjera endringar, og velgja å orientera politikarane.
– Me kan då løfta det politisk, og det kjem FrP til å gjera om dei rotar med avtalen, seier Fosse, som er medlem av hovudutval for opplæring og kompetanse.
– Me må passa på elevane anten dei går i Vestland eller Rogaland. Det er viktig at me klarar å gi eit godt tilbod totalt sett i regionen. Ein treng ikkje laga bekymringar om det ikkje er grunn for det, seier Fosse, som meiner det er flott at lokalpolitikarane passar på og er opptatt av elevane sine.