nyhende
– Me lyt sjå framover. Livet går vidare
– Me mista alt me hadde, men berga livet. Det er det viktigaste for oss no, seier ekteparet Esther og Kianoosh Jebelli.
Natt til 16. desember i fjor gol den raude hanen over Valebygda. Ved 01.00-tida vakna Kianoosh (52) til eit hus i full fyr. Heimen deira blei totalskadd og fullstendig utbrent.
– Eg er glad for at eg var åleine heime då det skjedde. Av den grunn hadde eg lagt meg til å sova på sofaen nede i stova. Hadde Esther vore heime og me hadde lagt oss på soverommet oppe, hadde me truleg ikkje kome oss ut i live. Eg er også glad for at eg endeleg hadde kome meg til å setja nytt batteri i røykvarslaren oppe. Det gjorde eg faktisk dagen før det brann, seier Kianoosh.
Berga hundane og mobilen
Kianoosh blei vekt av denne røykvarslaren og prøvde først å sløkkja med fleire brannslokkingsapparat. Han såg snart at det var til inga nytte. Då ringde han politiet.
– Det einaste eg fekk med meg, var mobiltelefonen min og eit bur med fuglar. Dessutan klarte eg å berga dei to hundane, som berre ville inn igjen, fortel han.
Esther (49), som er fødd og oppvaksen i Tyskland, var på besøk i det opphavlege heimlandet sitt for å feira mora sin 80-årsdag då tragedien inntraff. Vel heime igjen måtte ho, saman med mannen, konstatera at alt i huset var tapt. Absolutt alt. Det same var bilen, som sto parkert utanfor og blei offer for den intense varmen. Paret har fire vaksne born som har flytta ut, men mange av deira eignedelar var også framleis lagra i huset og gjekk opp i flammar.
Mykje av det som er borte, kan ikkje erstattast med pengar. Det gjeld familiebilde og videoar, og arvestykke og andre gjenstandar med høg affeksjonsverdi. Kianoosh nemner ringen han arva frå ein oldefar i Iran som berre eitt eksempel.
– Enorm støtte frå bygda
– Det har vore uverkeleg og forferdeleg. Me har vel ikkje landa heilt etter det som har skjedd, men me kan jo ikkje berre setja oss ned og gråta. Me må sjå opp og fram. Livet går vidare, seier Esther bestemt.
Ein viktig motivasjonsfaktor for dei har vore den støtta dei har fått frå bygdefolket. Esther og Kianoosh klarer knapt å finna ord for å fortelja kor fantastiske naboar dei er omgitt av. Kari Grutle Nappen starta for eksempel ein spontan innsamlingsaksjon som så langt har resultert i 33.000 kroner.
– Med desse pengane fekk me ei romsleg og god jul, fortel Esther.
Hjå William og Marit Gulliksen, som bur like i nærleiken, har dei fått leiga hus. Den korte avstanden er viktig, ettersom dei med dette har kort veg til driftsbygningen der husdyra treng dagleg stell. Det var også viktig å finna eit husvære der dei kunne ha hundane med seg.
Andre naboar har hjelpt til med brøyting og framkøyring, dyrefôr og mykje anna.
Takka i nyttårsappell
– I samband med fakkeltoget i bygda nyttårsaftan heldt eg ein appell der eg fekk takka bygdefolket for den enorme støtta me har fått, fortel Esther.
Paret kjenner seg også godt ivaretekne av forsikringsselskapa som er inne i bildet. Dei har fått utbetalt pengar til hasteinnkjøp av det mest nødvendige. For å få pengane til å strekkja til lengst mogleg, leitar dei seg fram til gode tilbod. Mykje har dei også funne i bruktbutikkar. Og dei har skaffa seg bil til erstatning for den brannen tok. Skjønsmenn til taksering er oppnemnde, og vegen vidare er i ferd med å bli staka ut.
Det er litt over sju år sidan Esther og Kianoosh kjøpte småbruket i Valebygda. Ei tid på førehand hadde dei pakta ein annan gard til storfeet sitt i nærleiken, medan dei framleis budde på Stord.
Kianoosh er fødd i Iran, men då han var 13 år flytta han med delar av familien til Tyskland. Faren sat den gongen i iransk fengsel. Paret møtte kvarandre i Tyskland, men flytta til Noreg i 2008. Kianoosh har mellom anna vore kyrkjegardsarbeidar på Stord, men er no uføretrygda etter eit ublidt møte med ein okse. Esther er hjelpepleiar. Også ho har arbeidsplassen sin på Stord.
Langt på veg sjølvforsynte
Gardsdrifta ser dei først og fremst på som hobby, sjølv om dei har tatt denne hobbyen mykje lenger enn dei fleste andre.
– I mange år har me vore hundre prosent sjølvforsynte med både raudt og kvitt kjøt, fortel dei.
Eigne sauer, storfe, høns, ender, kalkuner og gjess syter for det. Kianoosh har lært mykje og bearbeiding av kjøt hjå ein slaktar i Tyskland, medan Esther bakar brød og produserer ost til eige og dei vaksne borna sitt bruk. På 425 mål store småbruket, der 40 mål er dyrka, produserer dei også poteter og grønnsaker. I drivhuset dyrkar dei tomater, agurk og anna, og dei haustar frukt frå 60 frukttre som dei sjølve har planta.
– Det er greit å vera sjølvforsynte. Då veit me også at den maten me får i oss er fri for kjemiske tilsetjingar. Og så er jo dette ein livsstil også, forklarar Esther og Kianoosh.
Bruket deira tilfredstiller ikkje dei formelle krava til økologisk dyrking, men målet er å bruka så lite plantevern- og ugrasmidlar som mogleg.
Matvarelager opp i flammar
Sidan paret har satsa så stort på sjølvforsyning, hadde dei store mengder konservert mat på lager i huset sitt. No er alt dette borte.
– For første gong på mange år må me gå på butikken og kjøpa varer som me er blitt vane med å henta frå eige lager, seier dei om den nye kvardagen.
Mykje utstyr som har blitt brukt til matvareproduksjon basert på eigne råvarer, har også gått tapt. Det gjeld mellom anna utstyr til fjørfeslakting, pølsemaskin, mjølkemaskin, tørkemaskin for frukt og bær, osteformer og mykje anna.
– Mykje av dette utstyret hadde me skaffa oss brukt. Ein del kan nok kjøpast nytt, men til heilt andre prisar enn det me betalte, fortel dei. Og stadfestar at dei gjerne vil koma i kontakt med folk som har tilsvarande maskinar som dei ikkje lenger brukar og som dei kan tenkja seg å selja for ein rimeleg pris.
Langt fram
Så langt paret kjenner til, har ikkje politiet funne årsak til brannen. Sjølve spekulerer dei på om det kan ha vore feil på det elektriske anlegget, eventuelt forårsaka av mus. Området rundt det utbrende huset avsperra med gjerde, av frykt for at veggene kan falla saman.
Når alt er rydda, er Esther og Kianoosh innstilte på at huset skal byggjast opp igjen. Forsikringsselskapet har førespegla dei at prosessen fram til innflytting kan ta halvtanna til to år. Esther og Kianoosh er spente på om dei må byggja opp igjen huset slik det var, eller om kommunen vil tillata endringar.
– Me må tenkja på at me blir eldre, veit du. Difor ønskjer me ei meir universell utforming med i alle fall eitt soverom på hovudplanet, seier dei.