nyhende
— Me knuser egg mot kvarandre
Påsken nærmar seg, og for mange blir dagane brukte på heilt ulike måtar. Me i Vestavind har spurt ulike sveibuar om korleis påsken deira ser ut.
– Feirar du påske?
– Ja, eg feira påske i Ukraina, og no feirar eg påske i Noreg.
— Kva skal du gjera i påsken?
– Eg skal laga påskekake. Då eg budde i Ukraina, brukte eg å vera på kjøkkent og laga mat saman med familien. Me gleda oss til påske og førebudde tradisjonell mat, mellom anna noko som heiter «salo».
Annonse
— Har du nokre påskefavorittar?
– Eg likar å finna på noko kjekt i påska. Eg set også stor pris på å vera saman med familien og laga tradisjonell mat.
— Kva er ditt beste påskeminne?
– Det beste påskeminnet mitt er dei stundene når eg sit saman med familien min, og me knuser egg mot kvarandre. Det er eit minne eg set veldig høgt.