nyhende

Sveio Senter.FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Sveio Senter.

— Me har godt eigna lokale for polet

Næringsaktørar i Sveio trur nyhenda om at Vinmonopolet skal etablere butikk i sentrum vil vere viktig for utviklinga av lokal handel.

Publisert Sist oppdatert

— Eit vinmonopol vil naturlegvis vera veldig positivt for Sveio, og eit viktig bidrag for å redusera handelslekkasjen ut av kommunen, seier Stig Roar Lier Habbestad i Sveio senter.

Sveio senter har jobba for å få vinmonopol i rundt 15 år, og har opplevd at prosessen har hatt god støtte frå politisk leiing i kommunen. Torsdag var målet nådd. Då vedtok styret i Vinmonopolet AS at Sveio er ein ev tre nye stadar i Noreg som skal få butikk neste år. Dei to andre er Bjørvika i Oslo og eit kjøpesenter i Rælingen utanfor Oslo.

— Har eigna lokale

Kva utleigeaktør i Sveio som til sjuande og sist vil få den attraktive leigekontrakten med Vinmonopolet AS vil ikkje vere klart før etter ein anbodsrunde. Men Habbestad legg ikkje skjul på at Sveio Senter er interessert.

— Det er jo dette me har jobba mot i fleire år. Polet ville vore eit flott supplement til dei andre butikkane i senteret, og det er så enkelt at alt som stoppar handelslekkasje til andre kommunar, bidrar positivt til anna lokalhandel, stadfestar han.

— Har Sveio Senter eigna areal tilgjengeleg i dag, eller vil de eventuelt bygge om eller gjere andre justeringar for å tilfredsstille ønskja Vinmonopolet måtte ha?

— Me har godt eigna lokale for polet, seier han.

Vinmonopolet AS opplyste til Vestavind at dei vil etablere enten ein kategori 1-butikk, eller ein kategori 2-butikk i Sveio. Den minste har eit utval på rundt 400 produkt, den andre dobbelt så mange.

Konkurranse

Det er på det reine at representantar frå Vinmonpolet har vore på synfaring i Sveio fleire gonger, og etter det Vestavind erfarer har dei sett både på Sveio Senter og på Kiwi-bygget, vis-a-vis Sveio senteret.

Vis-a-vis Sveio senter ligger Kiwi-bygget.

Det er eigedomsselskapet Sveio Utleigebygg AS som eig Kiwi-bygget. Selskapet er igjen eigd av Nokus AS, som er kontrollert av forretningsmannen Tore Lilleland frå Haugesund. Vestavind var i kontakt med Lilleland fredag, men han ville ikkje svare på spørsmål då.

— Eg har ikkje tid i dag, me får ta det på måndag, sa han.

Trur fleire vil handle i Sveio

Alle nabokommunane rundt Sveio har vinmonopol i dag. Både Haugesund, Tysvær, Stord og Bømlo. Også Karmøy, Vindafjord og Etne kan skilte med eigne polutsal. Og tek ein først turen til eit vinmonopol på eit kjøpesenter, er det nok ikkje få kroner som samstundes har blitt brukt på andre butikkar på same kjøpesenter eller i nærleiken.

Nina J. H. Matre er leiar i Sveio Næringsforum.

Leiar i Sveio Næringsforum, Nina J.H. Matre, ser også positivt på at Vinmonopolet opnar butikk i Sveio sentrum.

— Eg trur det vil bidra til at fleire enn før stoppar i Sveio og legg handelen sin dit, seier ho.

Ho trekk mellom anna fram at det er mange fritidsbustadar i kommunen.

— Eit vinmonopol vil nok vere med å også trekke fleire hyttefolk til sentrum, seier ho.

Powered by Labrador CMS