nyhende
— Me har det veldig godt i Sveio
Astrid Sveen frå Søre Våge er gjest i vekas «Hei, sveibu!»
— Eg er pensjonist, men fyller dagane med forskjellig. Mellom anna frivillig arbeid. Som aktivitetsven er eg mykje på Sveio omsorgssenter, og eg likar å delta på forskjellige sosiale aktivitetar. Mellom anna strikkeklubb og basar. Basar er veldig kjekt. Og så likar eg å baka. Mesteparten gir eg vekk.
— Kva er det beste med å vera sveibu?
— Eg har alltid vore sveibu og trivest godt her sør. Me har det veldig godt i Sveio.
— Er det noko du saknar i Sveio?
— Det har eg faktisk aldri tenkt over. Her har me det meste.
— Kva er ditt beste Sveio-minne?
— Eg klarar ikkje plukka ut noko bestemt. Det har vore så mykje kjekt opp gjennom åra. Noko av det kjekkaste er å vera i lag med andre frivillige. Sveibuar flest er forresten kjekke å vera i lag med.
— Kven i Sveio vil du framsnakka, og kvifor?
— Dei mange frivillige me har i kommunen. Det blir gjort veldig mykje bra frivillig arbeid i Sveio.