nyhende

Stadig fleire vaksiner og lite smitte:

Kommunalsjef Ingunn Toft må igjen ut på legejakt.
Kommunalsjef Ingunn Toft må igjen ut på legejakt.

– Me håpar det held fram slik

Det er roleg på koronafronten i Sveio. Status for dei tre siste vekene, er at fire sveibuar har testa positivt.

Publisert Sist oppdatert

– Sist veke var det 56 som testa seg, ingen av dei var positive. Det er per idag tre nærkontaktar i Sveio grunna smitte i andre kommunar. Det er relativt rolig på smittefronten på Haugalandet, så dette er også positivt for oss. Me håpar det held fram slik, seier kommunalsjef Ingunn Toft.

Ho legg til at det er viktig at ein kjem så langt som mogleg med vaksinasjon, slik at me blir mindre utsett, og klarar å redusera smittespreiing.

Sist veke blei 186 personar vaksinerte, 186 dosar (Comirnaty-vaksine BioNTech og Pfizer) kjem også denne veka, alle er 1. dose til personar i prioriteringsgruppe 4, altså innbyggjarar mellom 65-74 år og på same tid personar mellom 18 og 64 år med sjukdomar/tilstandar med høg risiko for alvorlig forløp.

– Neste veke har me 222 dosar, så me opplever nå ei stadig auke, seier kommunalsjefen.

Sveio kommune ventar enda på avklaring på vaksinen frå AstraZeneca.

Powered by Labrador CMS