nyhende

Få søkjarar til Vikse-stilling:

Elisabeth Nygaard er kommunalsjef for skule, barnehage og kultur i Sveio kommune. Foto: arkiv.
Elisabeth Nygaard er kommunalsjef for skule, barnehage og kultur i Sveio kommune.

– Me hadde håpa på fleire

Sveio kommune har nå forlenga søknadsfristen til rektorstillinga på Vikse etter første utlysninga som var 26. april.

Publisert Sist oppdatert

To har søkt på jobben som rektor ved Vikse skule. No prøver kommunen seg med ei utlysing nummer to med frist 6. mai. Den som blir tilsett tek over stillinga etter Solveig Skattkjær.

– Me hadde håpa på fleire søkjarar særleg med tanke på at Vikse ligg nærare til Haugesund og at me har felles arbeidsmarknad. Vikse skule har óg dei siste åra arbeida med å leggja til rette for to-lærar og med desentralisert kompetanseordning i samarbeid med NLA Høgskulen. Vikse er ein skule i god utvikling, og som burde vera interessant å vera rektor på, påpeikar Elisabeth Nygaard, kommunalsjef skule, barnehage og kultur i Sveio kommune.

Kommunalsjefen håpar det vil vera fleire som ser det som ei moglegheit når søknadsfristen no er forlenga.

Ikkje påverka av skulesaka

– Utlysinga på Førde og Auklandshamn kom midt i skulesaka, har dette hatt innverknad på tal søkjarar?

– Sidan Sveio kommune sin situasjon er lik som i Etne, og sett i samanheng med at det har vore rekruttert til fleire rektorstillingar på Haugalandet, er eg ikkje av den oppfatning at sak om skulebruksplan har hatt større innverknad på tal søkjarar, meiner Nygaard.

Auklandshamn og Førde snart i hamn

Når det gjeld rekruttering til rektorstillingane ved Førde og Auklandshamn kan kommunalsjefen bekrefta at dei no er i avslutninga av prosessen og held på med å tilby stilling til dei som er aktuelle.

Powered by Labrador CMS