nyhende
– Me får sjå kva dei finn
I sommar held Gullsjøhuset opent kvar onsdag for kafe. På første opningsdag lokkar dei med å gjera som dei gjorde på Bua i gamle dagar, å vaska etter gull.
Eit av samlingspunkta i Bua-bygda er Gullsjøhuset. Neste veke planlegg Liv og Lyst-krinsen på Bua å halda kafe der, med noko attåt.
– Me har hatt sommarkafe i nokre somrar no, og då tenkte me at det hadde vore kjekt med noko meir enn berre kafe, seier Kristin Bjelland Robberstad.
Ekte utstyr
Ho er medlem i styret av Bua-krinsen i Liv og Lyst. Sistnemde er eit program kor både fylket og kommunen gjev midlar til deltakande krinsar for å utvikla bygdene og skapa aktivitet.
– Ungar er jo glade i aktivitetar, og då er det jo fint at det ikkje berre vert kaffi og kaker, seier Robberstad.
Den første aktiviteten dei arrangerer er ei reise tilbake til gamle dagar. Bokstaveleg talt til Bua sin gullalder.
– Dei kan leita etter gull, og så får me sjå kva dei finn, seier Robberstad.
– Har dokker utstyr til å leita etter gull?
– Ja, me har faktisk kjøpt inn originale gullvaskebrett, svarar ho.
Kafeen er ikkje berre meint for folk frå Bua. Robberstad håpar andre i kommunen tek turen, ikkje minst viss ein har barn som vil prøva noko spanande og lærerikt.
– Eg tenkjer det er ein glimrande måte å driva kulturformidling på, seier ho.
Robberstad kan med autoritet slå fast kvifor leik og læring går hand i hand.
– Eg er sjølv barnehagelærar og veit at ungar lærar av å oppleva ting. Det er litt det som er opplegget her. Når dei får delta på ting og samstundes har ei hyggeleg oppleving så lærar dei noko. Seinare vil dei hugsa at det har vore gullgruver på Hovda, fordi dei sjølv har eit minne om då dei leita etter gull der som liten, forklarar ho.
Lov å prøva
Sommarkafeen er noko dei vil gjenta kvar onsdag i juli månad og i byrjinga av august. Gullvaskinga vert frå klokka 17 til 20.
– Dei andre kafeane har me ikkje lagt opp til barneaktivitetar, men viss det vert populært så kan me nok ha det ein gong kvar sommar, seier Robberstad.
Valet av aktivitet er faktisk ikkje berre passande grunna historia til området, men også fordi det i 2023 er 150 år sidan ein trur det vart funne gull der.
1873 er nemleg året for den første skriftlege dokumentasjonen på gullverksemd i Bua.
Om nokon kjem til å finna meir neste veke veit ikkje Robberstad, men ein skal få lov å prøva.
– Kven veit, viss nokon vil leita etter gull, så kanskje det framleis finst noko der i strandkanten? Humrar ho.