nyhende
– Me er ein veldig stor liten butikk
Torsdag føremiddag opnar Vinmonopolet i Sveio med (alkoholfrie) bobler til kundar og snorklipping. – Me håpar på godt trykk, seier butikksjef Anne Kathrine Kruse Haaheim Silverbird.
For den snart opne butikken på Sveio senter har dei siste døgna vore hektiske. Dei tilsette i Vinmonopolet har nok teke seg eit par koppar med kaffi for å ha fått alt på plass.
– Me overtok lokala på måndag. Og sidan tysdag har me fylt på med varar, seier butikksjef Anne Kathrine Kruse Haaheim Silverbird.
Ope tre dagar i veka
Dei har teke imot over 49 pallar med varer, som til saman utgjer rundt 13.500 flasker. Når Vestavind er innom onsdag ettermiddag, er det god stemning og høgt arbeidstempo.
Når dei opnar dørene torsdag så gjer dei litt stas over det heile. Ordførar André Mundal Haukås (H) skal klippa snor, og butikken byr på alkoholfrie bobler i glas til kundar, og ikkje minst kake.
– Me håpar på godt trykk med folk, seier Silverbird.
– Me vil ha ope torsdag, fredag og laurdag i byrjinga. Og så får me sjå om sveibuen synest det er populært nok til å utvida tidene, seier Silverbird.
Pendlar til Sveio
Per no er det tilsette frå butikkane i Aksdal og Oasen som kjem til å jobba her. Skal det vere ope fleire dagar er det førsterett hos allereie tilsette, men butikksjefen seier det kan vera dei endar opp med å lysa ut noko i Sveio.
– Førebels er dette ein såkalla kategori 1-butikk med avgrensa opningstid, seier Silverbird.
Ho synest butikken er veldig flott og romsleg.
– Me har så stort lokale at utvalet vert tilsvarande ein kategori 2-butikk. Me har til og med to handlevogner, humrar ho og legg til:
– Me er ein veldig stor liten butikk, understrekar ho om storleiken.
Koseleg arbeidsplass
Både butikksjefen og tilsett Gro Anita Tvedte har vore med på opningar før, og dei veit kor kjekt det kan vera for folk.
– Nokre gongar minner det litt om 17. mai, humrar Tvedte.
Sjølv byrja ho å jobba for Vinmonopolet tidleg på 2000-talet, og ho har vore med på opningar i Kopervik, Oasen og Aksdal Senter.
– Så dette vert min fjerde opning, seier ho.
Silverbird er også sjef for butikken på Oasen, og var tidlegare også sjef for den i Aksdal. Ho synest det alltid er kjekt å koma til ein ny stad, og skryt litt samstundes av arbeidsplassen deira.
– Det er ingen som sluttar i Vinmonopolet når dei har byrja. Det er ein så fantastisk fin arbeidsplass. Ein får læra så mykje spennande om faget, og det er mange kjekke kundar som ein får hjelpa å finna noko som passar, seier ho.