nyhende
Måtte ut med 7.800 kroner på Ekrene
Statskassa vart ikkje spesielt feit under ein fartskontroll på Ekrene måndag. Då stilte Utrykkingspolitiet stilte seg opp i 60-sona på fylkesveg 47 like sør for Ekrene.
— Der vart det faktisk skrive ut berre eit forenkla førelegg, til ein sjåfør som vart målt til 80 kilometer i timen, opplyser vaktsjef André Skram Hansen ved Haugesund politistasjon.
Sjåføren må dermed skrapa saman 7.800 kroner, i tråd med dei nye bøtesatsane. Tre prikkar i førarkortet vart det òg.
Kontrollen gjekk før seg frå klokka 13.15, og laseren vart pakka ned etter ein dryg time.