nyhende

Måtte ta «frysepledda» i bruk

Pledda som rådmann Ingunn Toft kjøpte inn tidlegare i år, for å motverke frysing under møter i kommunesalen, vart måndag kveld flittig brukt. 50 prosent av formannskapet vart kledd i pledd.

Publisert Sist oppdatert

For dei som var til stades på formannskapsmøtet i Sveio kommune måndag kveld, kunne ein i byrjinga sjå dei innkjøpte pledda stå ubrukte i bak i eit hjørne.

Etter kvart som det nestan fire timar lange formannskapsmøtet varte, såg fleire representantar seg nødt til å gjere eit varmande tiltak.

I bildeserien øvst kan ein sjå at halvparten av formannskapet tok i bruk pledda. Blant dei var både ordførar Linn Therese Erve (Ap), Ruth Grethe Østebøvik Eriksen (FrP) og Håkon Skimmeland (Ap)

Også politisk sekretær Bjarte Stølås Storli vart nødd til å kle seg, men etter det Vestavind erfarer var det med sitt eiga medbrakte skjerf, og ikkje eit kommunalt pledd.

Powered by Labrador CMS