nyhende
Måtte stenge Haukelifjell grunna snø og glatte veger
NPK-NTB: Snø på Haukelifjell har ført til glatte vegar på E134 måndag morgon.
– Det snør på Haukelifjell, og på omkøyringsvegen for Haukelitunnelen er det no så glatt at trafikken må vente til det er salta. Dette kan ta opp mot 2 timar, skreiv Vegtrafikksentralen sør på Twitter like før klokka 9.
Vegen er ikkje stengt lenger no, trafikken går med følgebil, er siste melding frå Vegtrafikksentralen.
Meteorologane har på førehand sendt ut gult farevarsel om snø i høgfjellet i Sør-Noreg, noko som kan medføre krevjande køyreforhold enkelte stader.