nyhende

Arild Helland framfor eigedomen han og kona trudde skulle bli familien sitt paradis, men som dei no har selt til Ølen Betong Gruppen.ARKIVFOTO: KARI NILSDATTER HAUKÅS
Arild Helland framfor eigedomen han og kona trudde skulle bli familien sitt paradis, men som dei no har selt til Ølen Betong Gruppen.

Måtte gje opp draumen i Mølstrevåg

Ølen Betong Gruppen AS kjøpte nyleg eigedomen som sto nærast den gamle handelsstaden som no er rive i Mølstrevåg. — Me er berre glade for at denne saka no er historie for vår del, seier seljar Arild Helland.

Publisert Sist oppdatert

— Det var lettare enn det eg trudde det vil vere å gje frå seg nøkkelen til huset, seier Arild Helland.

Han og kona Heidi Knutsen trudde at dei hadde funne draumeplassen for familien deira då dei i 2009 kjøpte Mølstrevågvegen 160. Ein flott sjøeigedom med ein stor villa, eit stort naust og mykje natur rundt seg i Mølstrevåg.

Lite visste dei då at dei vel 10 år seinare måtte sjå at Ølen Betong Gruppen kjøpte den store naboeigedomen, inkludert bygningane til den gamle handelsstaden som skjerma deira eigedom frå industriområdet i bygda. Og at kjøparen etter kvart skulle få løyve til å planere terrenget, og nyleg også rive dei siste bygningane som vitna om handelsstaden med historie tilbake til 1600-talet. Vestavind skreiv om den fortvilte situasjonen dei var hamna i sist gong før jul i 2021.

Frykta personleg konkurs

Ølen Betong var allereie i gong med produksjonen sin i Mølstrevåg då familien kjøpte eigedomen, men på det tidspunktet hadde dei ikkje trudd at verksemda skulle kome så tett på som den etter kvart gjorde.

— Men eg skjønte vel kva veg det bar då me fekk vite at Ølen Betong Gruppen hadde kjøpt resten av landet rundt oss, seier han.

Og han fekk rett. For etter ei tid ble ekteparet og andre naboar inviterte til eit informasjonsmøte, kor Ølen Betong presenterte sine omfattande planar for området, mellom anna med landbasert oppdrett. Seinare kom Helland og Knutsen i dialog med Ølen Betong Gruppen om innløysing av deira eigedom. Men bodet Ølen Betong først kom med var ifølgje Helland langt under verditaksten dei hadde fått utarbeidd for eigedomen i august 2019.

Samstundes skjønte paret at det ikkje kunne vere mange potensielle kjøparar til eit hus som hadde eit stort industriområde som næraste nabo. Difor var dei særs uroa over framtida.

— I periodar har eg vore redd for å bli slått personleg konkurs som følgje av denne saka, fortel han.

Kritisk til prosessen

Ifølgje Helland var det like før jul i fjor at det gjekk i orden med innløysing av eigedommen. Ølen Betong har ifølgje tal som Vestavind har innhenta frå Statens Kartverk fått betalt 8,15 millionar kroner for ekteparet sin eigedom.

Då kjøpet var eit faktum, utløyste dette samstundes ein klausul i eit politisk vedtak i Sveio kommune, som gav Ølen Betong Gruppen lov til å rive dei siste bygningane frå den gamle handelsstaden i Mølstrevåg. Dette hadde dei ikkje lov til før naboeigedomen var innløyst.

Eigedomen som familien Helland/Knutsen har selt ligg i bakkant av dei siste husa frå handelsstaden midt i bildet.

Familien Helland/Knutsen har kjøpt ny bustad på Vikse, og er busett der. Men sjølv om Helland er glad for at saka har fått ein ende dei kan leve med, legg han ikkje skjul på at han er skuffa over prosessen.

— Me er jo i praksis blitt brukt som ei brekkstong for at ein stor og profesjonell næringsaktør har fått gjennom sine interesser, meiner han.

Han er framleis kritisk til måten Sveio kommune har handtert saka, til dømes då kommunen godkjente ein søknad frå Ølen Betong Gruppen om tiltak utan reell politisk handsaming. Det skjedde i eit tidsvindauge om sommaren kor kommunestyret har gitt rådmannen mynde til å gjere vedtak i det som i reglementet er omtalt som «kurante saker».

— Sveio kommune profilerer seg med slagordet «Vilje til vekst – ein god stad å bu». I vår sak har kommunen rett nok vist vilje til vekst for ein næringsaktør, men det vi trudde skulle bli ein god stad å bu, i Mølstrevåg, blei alt anna enn det, poengterer han.

Rådmannen: — Difor me har arealplanar

Sveio-rådmann Jostein Førre er førelagt kritikken frå Helland. Han viser til at reguleringsplanen i Mølstrevåg er frå 1986, og at næringsområdet slik det er vist til i arealdelen i kommuneplan har lege der sidan 2003.

— Såleis burde det ikkje koma overraskande at det før eller seinare kunne skje ei større utbygging i området. Det er difor me har arealplanar. Det skal vere føreseieleg for innbyggjarane og andre kva som skal og kan skje, og kvar det kan skje, seier han.

På spørsmål frå Vestavind om Sveio kommune framleis meiner det var rett å handsame Ølen Betong Gruppen sin søknad om utviding av næringsområde sitt ved bruk av den såkalla feriefullmakta til administrasjonen, svarer rådmannen slik:

— Kommunen driv sakshandsaming på tilnærma vanleg måte også i ferietida, og då i samsvar med vedteke delegeringsreglement. Saka i Mølstrevåg har blitt vurdert som kurant, det vil seie som ikkje prinsipiell, då det føreligg ein gjeldande reguleringsplan. I tillegg har alle berørte partar hatt saka til uttale, seier han.

Ølen Betong Gruppen: — Me øydela idyllen deira

Dagleg leier i Ølen Betong Gruppen AS, Thorleif Kulleseid Lie, seier at dei førebels ikkje har andre planar for eigedommen dei kjøpte frå ekteperat Helland/Knutsen enn at den vil bli leigd ut til driftsselskapet Ølen Betong AS.

Det er venta stor aktivitet ved betongelementfabrikken i Mølstrevåg etter at Ølen Betong fekk ein gigantkontrakt om levering av tunnelelement til verdas lengste undersjøiske tunnelprosjekt, Rogfast.

— Bustaden vil truleg bli brukt av ingeniørar og andre som jobbar på anlegget, seier han.

Han legger til at selskapet har forståing for at naboane ville selje.

— Huset kom litt i klemma, og me har jo på ein måte øydelagt idyllen for dei som budde der. Det var heller ikkje lenger ein gunstig skuleveg for barn som måtte gå forbi industriområdet vårt. Derfor var det mest realt av oss å løyse det ut, seier han.

Kva som kan skje vidare med den nyerverva eigedomen er eit ope spørsmål. Ølen Betong har tidlegare hatt planar knytt til landbasert oppdrett i Mølstrevåg, men desse planane er førebels lagt på is.

— Per no har me ikkje planar om å planere meir areal på staden, seier han.

OPPDTARET/RETTING: Saka er oppdatert. Ved første publisering fall ordet «ikkje» ut i det aller siste sitatet til Thorleif Kulleseid Lie. Vestavind beklagar feilen.

Powered by Labrador CMS