nyhende
Matpris til Arjen Kraaijeveld
Under Bergen Matfestival og Norsk Siderfestival i Bergen i helga blei matjesild-produsent Arjen Kraaijeveld frå Tjernagel kåra til årets lokalmatprodusent.
Prisen blei overrekt av fiskeri- og havministeren sin statssekretær Even Tronstad Sagebakken under opningsseremonien av festivalen. Sagebakken sto for opninga saman med landbruks- og matminister Geir Pollestad.
Glad for merksemd
– Det var veldig kjekt å få denne prisen. Eg håpar dette vil medverka til å gjera produktet mitt endå betre kjent, seier ein glad Arjen Kraaijeveld til Vestavind.
Han fortel at då han kom til Noreg for 30 år sidan, sakna han matjesilda frå heimlandet Nederland. Han tok då kontakt med verksemda Pelagia i Egersund, som er ei av verdas største på foredling av sild og makrell, og som også produserer den nederlandske matjesilda. Han byrja då først å selja nederlandsk matjesild under Sildajazz i Haugesund.
Etter kvart har Kraaijeveld saman med Pelagia utvikla ein norsk matjesild-variant som dei kallar jomfrusild. Dette produktet er han no engrosforhandlar for og sel det til butikkar her i landet.
Eksport til Kina?
Ikkje nok med det. Han er no også med i ei prosjektgruppe som ser på sjansane til å eksportera jomfrusild til Asia og då særleg til Kina.
Prisen for årets lokalmatprodusent var ein av fleire prisar i ulike klassar som blei delte ut under festivalen i Bergen.
Bergen Matfestival og Norsk Siderfestival blir arrangert av Matarena.