nyhende

Norgesgruppen og Rema 100 stenger prisjegerane ute frå butikkane sine.

Matbutikkar kastar ut prisjegrane

Norgesgruppen kastar ut prisjegerane til konkurrentane etter milliardbot frå Konkurransetilsynet. Også Rema 1000 kastar ut prisjegerane til dei andre aktørane.

Publisert Sist oppdatert

Det betyr at prisjegerane til Coop og Rema ikkje lenger får sjekke prisar hos Kiwi, Meny og andre Norgesgruppen-butikkar, melder Nettavisen.

Vil anke vedtaket

– Ja, det stemmer. Konkurransetilsynet har pålagt oss å vise bort personar som sjekkar pris i butikkane våre. Vi er usamde i vedtaket og skal anke, men må følgje pålegget til saka er behandla, seier kommunikasjonsdirektør Stein Rømmerud i Norgesgruppen til avisa.

Rema 1000 seier også til avisa at dei ikkje lenger tillèt prisjegerane til konkurrenten i butikkane sine.

– Bakgrunnen for dette er Konkurransetilsynets vedtak med pålegg om å stanse det tilsynet meiner er eit ulovleg samarbeid, seier kategori- og innkjøpsdirektør Line Aarnes til Nettavisen.

Coop taus

Coop vil på si side ikkje svare på kva grep dei har teke.

– Av konkurranseomsyn har vi ikkje høve til å kommentere korleis vi sikrar konkurransedyktige prisar i butikkane våre, seier kommunikasjonsdirektør i Coop, Harald Kristiansen.

Utkastinga skjer ein månad etter at Norgesgruppen, Rema 1000 og Coop fekk milliardbøter for ulovleg samarbeid av Konkurransetilsynet. Det påstått samarbeidet gjekk nettopp på prisjegerverksemda.

Magnus Friis Reitan, nestleiar i avdelinga for mat, handel og helse i Konkurransetilsynet, seier at tilsynet held fram med å følgje utviklinga i daglegvaremarknaden.

Powered by Labrador CMS