nyhende

Marknadshage med mange gevinstar

Marknadshagen på Fagerland gard, driven av Annike Aga (32), blei anlagt i fjor, og representerer stort mangfald og mange moglegheiter.

Publisert Sist oppdatert

Ein marknadshage er småskala grønsaksproduksjon kor produkta vert omsett gjennom marknadskanalar for lokalmat. På eit relativt lite område kan ein produsera svært mykje.

Internasjonal miljødag

Verdas miljødag blir markert 5. juni kvart år. I år handlar dagen om restaurering av økosystem. Me menneske er heilt avhengige naturen rundt oss. Det er frå den me får maten me et; lufta me pustar og sjølve miljøet me bur i. Alt dette blir nå trua av klimaendringar.

Mange av Senterpartiet sine lokallag har tradisjon med å markera Miljødagen, og i Sveio inviterte dei seg sjølve til Fagerland gard for å høyra meir om korleis dei set dette ut i praksis.

– Me er alle avhengige av at naturen er i balanse, den er sjølve livsgrunnlaget for oss menneske. Difor er dette eit så viktig tema, fastslår Arne Valen, sekretær i Sveio Senterparti.

Læra av kvarandre

Nestleiaren i lokalpartiet, Britt Oddrun Stuve, synest det er viktig å bruka dei lokale ressursane me har når det gjeld mat. Ho er oppteken av at folk bør laga sine eigne kjøkenhagar, inspirera og læra av kvarandre.

– Eg har inntrykk av at kjøkenhagar er «in» i tida, og at fleire og fleire hiv seg på. Det er ikkje noko som er meir kortreist enn å gå ut ti minuttar før middag og henta ingrediensar i eigen hage, fastslår Stuve.

Sauehald og marknadshage

Annike Aga (32), oppvaksen på byggefeltet Fjellstad, har funne seg godt til rette på idylliske Fagerland. Ho ektemannen Bernt André Bjørge overtok garden for seks år sidan, borna deira er fem, åtte og 13 år gamle.

Av husdyr har dei 40 vinterfôra sauer, i tillegg til lam, ein liten andeflokk, katt og hund. Mannen har jobb utanom garden, medan Annike er bondekone på fulltid.

I fjor starta ho opp med marknadshage og produserar grønsaker og poteter til REKO-ringen og private kundar. Ho sel også egg og lammekjøt. På sommaren og hausten også saft av plomme, rips, blåbær og solbærsaft.

I følgje Aga blir marknadshagen brukt regenerativt. Det vil blant anna sei at dei tilbakefører organisk materiale til jorda, minimerar jordarbeiding, tilfører eigen kompost og dyregjødsel, grøngjødsel og brukar jorddekke for å bremsa ugras. Dette igjen gir gode vekstvilkår for grønsakene.

Annike Aga likar å prøva ut forskjellige matnyttige vekster. Dette er eit av dei mange kvitlauks-felta i hagen. Gardshuset i bakgrunnen.
Powered by Labrador CMS