nyhende

Rannveig A. Hegerland er leiar i Sveio Skulekorps, og gler seg til Sveiomarknaden. ARKIVFOTO: VERONICA FUREVIK
Rannveig A. Hegerland er leiar i Sveio Skulekorps, og gler seg til Sveiomarknaden.

Marknad avlyst – men korpset reddar julestemninga

Sveio Bygdalag meldar at dei ikkje skal ha julemarknad i år, grunna at dei ikkje har nok frivillige. Men skulekorpset i Sveio varslar no at dei tek over, og vil halde tenning av julegrana på laurdag. — Julenissen kjem, lovar leiar i Sveio Skulekorps Rannveig A. Hegerland.

Publisert Sist oppdatert

Det er ein trist beskjed leiaren i Sveio Bygdalag kjem med tysdag føremiddag.

— Me har ikkje mannskap. Me avheng av frivillige, men det har vore gjennomgåande færre den siste tida. I fjor blei det litt rovdrift med for få folk, seier Håkon Skimmeland.

Han fortel at dei har slitt med for lite mannskap ein stund, og meiner mange har falt i frå under pandemien. Julemarknad er noko bygdalaget har stått for i lang tid.

— Me har sikkert hatt det i 10 år om, ikkje lengre. Det er veldig synd å avlyse i år, seier Skimmeland.

Kastar seg rundt

Men, og heldigvis for sveibuene, så har skulekorpset valt å gjere ein innsats for å redde julemarknaden.

— Det er ikkje så mange dagar til laurdag, me må snu oss rundt, seier Rannveig A. Hegerland, leiar i Sveio Skulekorps.

Tysdag morgon då Vestavind tek kontakt med Hegerland fortel ho at dei arbeider med saka.

Seinare får me bekrefta kva som skal skje i helga.

— Sveio skulekorps vil arrangere tenning av julegrana på laurdag, seier Hegerland.

Programmet byrjar klokka 15.30. Sjølve tenninga av julegrana vil skje saman med ordførar Linn Therese Erve (Ap) klokka 17. Hegerland fortel også at julenissen vil kome til staden.

Om nokon ynskjer å ha ein salsbod oppmodar ho dei å ta kontakt med ho eller kasserar Lilly Helland i skulekorpset.

Tysdag morgon drog vaktmeister Eivind Nærum i Sveio kommune ut til Liereid for å henta årets julegran.

— Den skal skjærast til og setjast opp i løpet av dagen, seier Nærum.

Ordføraren rosar korpset

Ein som er glad for at skulekorpset trør til er ordførar Linn Therese Erve (Ap).

— Julemarknad i Sveio sentrum har vore ein god og veldig hyggeleg tradisjon, seier Erve.

Ho rosar dei for innsatsen.

— Det er fantastisk, seier Erve.

Powered by Labrador CMS