nyhende

Familien Magomadova/Bazjajeva inviterte ordførar André Mundal Haukås til å eta saman med dei då dei markerte eid heime i Sveio fredag. Frå venstre: Khava Magomadova (tante), Selima Bazjajeva (dotter), André Mundal Haukås (ordførar) og Malika Magomadova (mor).

Markerte Eid med fullt bord og opne dører

Familien Magomadova/Bazjajeva markerte eid heime i Sveio fredag. Då Vestavind var innom tidlegare på dagen, var bordet dekka til høgtid, og seinare venta vidare feiring hos slekt.

Publisert Sist oppdatert

Stova var pynta med «Eid mubarak», og på bordet sto både kjøtrettar, vårrullar, kaker, frukt og søtsaker då familien samla seg rundt høgtidsmåltidet fredag føremiddag.

For dotter Selima Bazjajeva (16) er eid først og fremst ei markering for fellesskap og takksemd.

– Det er ein veldig fin dag fordi me får vera saman med familien. Samstundes markerar me at me har klart å fasta gjennom heile ramadan, fortel ho.

Eid markerar slutten på fastemånaden ramadan, der muslimar fastar frå soloppgang til solnedgang. Selima seier dagen både handlar om glede over å ha fullført fasten og om takksemd.

– Me kjenner på takksemd for at me klarte å gjennomføra fasten, og takksemd til Allah. Ein blir glad fordi ein har klart det, men samstundes kan ein òg sakna det litt. I ramadan samlast familie og vener mykje om kveldane for å bryta fasten, og det er veldig fint, seier ho.

Rajana Magomadova (14) fortel at ventetida fram mot solnedgang kan vera krevjande, men at ho har funne sitt eige vesle triks for å få tida til å gå.

– Eg begynner gjerne å laga mat medan eg ventar på at sola skal gå ned. Då går tida fortare, seier ho.

Ho og systera Selima fortel at årets faste har vore blant dei lettare, fordi sola går tidlegare ned enn ho gjer enkelte andre år. Samstundes seier dei at starten likevel kan vera litt uvand.

– I byrjinga er det litt vanskelegare, særleg viss du har gym eller blir sliten på skulen. Men så venner du deg til det.

Blant gjestane rundt bordet var òg ordførar André Mundal Haukås, som fekk vera med på markeringa heime hjå familien.

– Eg set stor pris på å bli invitert inn i ein heim for å dela eit måltid og ein god prat på ein så viktig dag. Det å kjenna på fellesskapet rundt bordet, og å få læra meir om folk, kultur og religion gjennom både mat og prat, er verkeleg hjartevarmande. Eg er takksam for å for første gong få gleda av å oppleva Eid på nært hald saman med Malika og familien, og for den store gjestfridomen eg vart møtt med, seier Haukås etter besøket.

Feirar frå hus til hus

Eid handlar ikkje berre om samlinga heime. Utover dagen går turen gjerne vidare til slekt og vener, og dei eldste i familien får ofte besøk først som eit teikn på respekt. Når ein dreg vidare, er det òg vanleg å ha med seg noko.

– Me likar ikkje å koma tomhendte. Me tek gjerne med oss ei kake, dessert eller litt mat til kvarandre, og born og unge får òg ofte med seg ei gåve vidare, seier Khava Magomadova.

Lillesøster Rajana Magomadova sto klar med gåvene til dei som kom innom for å feira eid saman med familien.

Feiringa er heller ikkje over fredag kveld. Laurdag ventar feiring med om lag 50 gjester, når familien får besøk av slekt og vener frå ulike stader på Vestlandet.

– Det viktigaste er at me er saman i feiringa, seier Selima.

Powered by Labrador CMS