nyhende

Kvitaneset ved Buavåg er eit felt for heilårsbustader, men dei fleste blir selde til fritidsbruk, seier sals- og marknadsutviklar Øyvind Bråtun i Berge Sag og Trelast AS.FOTO: EINAR VESTVIK
Kvitaneset ved Buavåg er eit felt for heilårsbustader, men dei fleste blir selde til fritidsbruk, seier sals- og marknadsutviklar Øyvind Bråtun i Berge Sag og Trelast AS.

Markert nedgang i bygging av nye hytter

Færre brukte hytter blir lagde ut for sal nå, og prisane har gått ned. Og høge materialprisar har lagt ein dempar på salet av nye hytter. Men no ser eiendomeklarane at byggfirmaene tek nye grep.

Publisert Sist oppdatert

Slik summerer eigedomsmeklar Reidar Vik i Eiendomsmegler Vest opp situasjonen på hyttemarknaden i Sveio og resten av Haugalandet akkurat nå.

— 2021 og til dels også våren 2022 var prega av svært godt hyttesal. Under pandemien var mange opptekne av å skaffa seg hytte i Norge. Eg trur nok det er ein varig tendens at mange vil prioritera fritidsbustad i heimlandet framfor i Syden, seier Vik.

Nøkkelferdig

I tillegg til enkelteigedommar har Eiendomsmegler Vest blant anna salet av tomter og prosjekterte hytter på feltet Tittelsnes Panorama. Av 24 einingar er åtte bebygde eller under bygging på dette feltet.

Eigedomsmeklar Reidar Vik i Eiendomsmegler Vest ser ein klar nedgang i bygging og sal av nye hytter. Færre brukte hytter kjem også på marknaden, seier han.

— Sidan interessa for nybygde hytter har gått ned, ser eg ein tendens til at byggefirma sjølve tar kostnadene ved å byggja hyttene. Dermed sikrar dei sysselsetting for sine tilsette, og kan etterpå selja hyttene nøkkelferdige og til fast pris.

I tillegg til høge materialprisar og dermed høge totalprisar på nybygg, påverkar sjølvsagt renteauke, høge straumprisar og uvisse kring utviklinga av krigen i Ukraina folk sin kjøpelyst når det gjeld fritidseigedommar. Vik er er spent, men likevel ikkje uroa over utviklinga. Ein viktig grunn til dette er at salet av bustader går svært bra. Og dette utgjer den største delen av eigedomsmarknaden.

— Når det gjeld bustader er etterspurnaden større enn tilbodet, konstaterer Vik.

Byggefirma kjøper brukt

Bustadmarknaden er også den viktigaste for Vik sin kollega og konkurrent, Vidar Opheim i Eiendomsmegler A. Opheim fortel elles at den siste hytta han selde, gjekk 420.000 kroner over takst.

— Eg trur framleis det vil gå greit å selja hytter i attraktive område, seier Opheim.

Han er likevel førebudd på mindre aktivitet på hyttefronten.

— Eg har merka meg at enkelte byggefirma kjøper brukte hytter og pussar dei opp for sal for å sikra arbeid for sine tilsette. Så langt vil eg ikkje kalla det ein trend, men også tidlegare har eg sett at dette skjer i perioder med lite nybygging, seier Opheim.

Han har ikkje noko klart svar på om det er dei dyraste eller dei billegaste hyttene som blir lettast å selja i tida framover.

Sletto er eit hyttefelt med mykje ver som har vore populært dei siste åra. Solide moloar må til for å verna småbåthamna til dette feltet.

— Potensielle kjøparar til dyre hytter har gjerne pengar og er ikkje så avhengige av lånefinansiering. Folk som er interesserte i rimelegare eigedommar må gjerne lånefinansiera kjøpet og er dermed meir sårbare for rentesvingningar.

Berge Sag og Trelast AS har hatt ein stor marknadsdel av nybygde hytter i Sveio dei siste åra. For tida er firmaet mellom anna i gang med utbygginga av Kvitaneset ved Buavåg.

Mindre og enklare hytter

— Me opplever auka interesse for mindre og enklare hytter, heilt ned i 40 kvm. Derfor teiknar me nå ein serie hytter på mellom 50 og 80 kvm. som me vil presentera i løpet av hausten, seier sals- og marknadsutviklar for hyttefeltet, Øyvind Bråtun.

Etter hytteboomen i løpet av pandemiåra ser Bråtun på utviklinga dei siste månadene som ein veg tilbake til det det normale. Han fortel elles at 80-90 prosent av Berge Sag og Trelast si hyttebygging i dag går føre seg til fjells og på Austlandet.

Sletto aust er eit felt med fleire ledige tomter i Sveio. Og eit felt med fleire prosjekterte hytter for sal.

— Mange vil ha hytter ved sjøen og helst heilt i strandkanten. Men slike tomter er knapt å oppdriva, seier han.

Kvitaneset er i det minste eit felt nær sjøen. Og alle tomtene her blir selde med båtplass. Husa blir bygde som heilårsbustader, sjølv om dei fleste vil bli brukte som fritidsbustader. Utbyggaren er i kontakt med nokre få unge familiar som kan tenkja seg å bu på Kvitaneset.

Powered by Labrador CMS