nyhende
Markerer oppstarten med familiedag
Søndag inviterer LivOGLyst Auklandshamn til eit innhaldsdrikt arrangement for små og store. Her kan ein både ha det kjekt i lag og seia si meining om kva ein ønsker prosjektet skal få til.
Bua var først ut med deltaking i LivOGLyst-prosjektet, som er i regi av Vestaland fylkeskommune. No er også Auklandshamn i gong, og familiedagen er både bygdesamling, idémyldring og markering av starten på prosjektet.
Utedag for alle
– Me ville gjera noko anna enn å samla folk til eit møte. Då kom ideen om ein familiedag ute der alle kan vera med. Arrangementet er gratis og føregår på skuleplassen. Men me bur jo på Vestlandet, så om vêret ikkje spelar på lag, har me gymsalen på skulen i reserve, fortel Gerd Jorunn Christensen.
Alle er velkomne, både fastbuande, hyttefolk og andre som er glade i bygda. Arrangementet byr mellom anna på hesteriding, bilderebus, quiz, kake og mat. Cato Thorsen skal vera konferansier.
Tankar og draumar
– Me håper det kjem mange, og at dei vil gje innspel på kva dei ønsker. Her er me opne for alle idear, tankar og kva ein drøymer om å få til Auklandshamn, seier Christensen.