nyhende
Mannen bak humor-streken
La du merke til at papiravisa til Vestavind fekk ny bakside i siste utgåve? Der debuterte Vidar Vikse både som bidragsytar med det som vil bli ein serie med morosame teikningar, og som første gjest i vår re-lansering av spalta «Hei, Sveibu!». Her er intervjuet, til glede for vår digitale lesarar.
— Kva gjer du til dagleg?
— Eg jobbar 70 prosent som lærar og 30 prosent somkunstnar og trubadur. Er spanande tider med mangeteikne-, spele- og quiz-oppdrag. Eg trivst godt med åvere kreativ og skapande.
— Kva er det beste med å vere sveibu?
— Eg føler meg som tilflyttar veldig godt teken i motog inkludert både som lærar, trubadur og kunstnari lokalmiljøet. Så likar eg at det er koselig og landlegher, samstundes som det er nært både Haugesund ogStord.
— Er det noko du saknar i Sveio?
— Saknar jo av og til resten av familien min, som burpå Bryne. Men ellers så saknar eg ein Pump-track-bane.Prøvde det i Voss ein gong, og har uten hell jobba forå få det i Sveio. Det er er ein bane som passar for allealdrar og der ein kan bruka både sykkel, skateboard,sparkesykkel og rulleskøyter.
— Kva er ditt beste Sveio-minne?
— Det første som poppar opp er ein kveld vinteren2010 då eg var gitarist i bandet, Coverlovers. Me speltefor heile 120 personar inne på Sus og Dus (som nåheiter Fontana). Ute snødde det skikkelig mens me stodsom sild i tønne inne og sang på Tore Tang. Det var eingod kveld!
— Kven i Sveio vil du framsnakke, og kvifor?
— Den personen eg vil framsnakke er Flemming Lothe.I tillegg til å være ein god ven som ein kan snakka medom alt, er han veldig engasjert og dyktig i det viktigearbeidet som ungdomskoordinator i Sveio.