Det stadfestar Hovudredningssentralen på Twitter.
– Vi kan stadfeste at denne personen, som er grunn til å tru er båteigar, er stadfesta omkommen. Pårørande er varsla og det er stadfesta frå politiet, seier redningsleiar Owe Frøland ved Hovudredningssentralen Sør-Noreg (HRS).
I ei pressemelding skriv politiet at søket no er avslutta.
– Etterretningsopplysningar og spor tyder på at vedkommande har vore åleine i båten, og redningsaksjonen er no avslutta, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt.
Seglbåten hadde motoren i gang då han vart oppdaga av ein båt som kom forbi måndag formiddag. Grunnstøytinga vart oppdaga klokka 11.03. HRS er usikre på når havariet skjedde, men det har truleg ikkje gått veldig lang tid frå det skjedde til grunnstøytinga vart oppdaga.
Ifølgje NRK er seglbåten på 35 fot. Båten gjekk på grunn på Ratholmen, utanfor Våge nord på Tysnes.
Både redningshelikopter og luftambulanse med dykkarar vart sende til området. Kystvaktfartøyet Njord vart kalla ut frå Haakonsvern.
Ei ferje er beden om å hjelpe til og ferjesambandet Halhjem-Våge vart innstilt på grunn av redningsaksjonen.
(©NPK)