nyhende

Både politi og brannvesen rykka ut til Sveio senter der det brann i to søppelbøtter natt til søndag.
Både politi og brannvesen rykka ut til Sveio senter der det brann i to søppelbøtter natt til søndag.

Mann mistenkt etter brann i søppelbøtter

Ein mann i 20-åra er mistenkt for å ha sett fyr på to bosdunkar ved Sveio senter natt til søndag.

Publisert Sist oppdatert

Det var ein tilfeldig passerande som oppdaga brannen og som melde frå. Politiet fekk melding klokka 02.04.

Potensiell brannfare

Mannskap frå Sveio brannstasjon var raskt på plassen. Utrykkingsleiar Bjarne Hetlesæter fortel at bossdunkane var plassert inntil vegg og på to ulike stader ved Sveio senter.

– Begge dunkane var av typen som er utstyrt med sløkkjeampullar, som skal utløysa seg ved brann, i beste tilfelle stoppa brann. I eine dunken var ikkje dette nok, her måtte det sløkking til av brannvesenet. Det var snakk om ein potensiell brannfare, opplyser Hetlesæter til Vestavind.

Nektar for å ha sett fyr

Ein mannsperson i 20-åra som opphaldt seg nærleiken av brannstaden er mistenkt for eldspåsettinga. Sjølv nektar han han for å ha noko med brannen å gjera. Saka blir no etterforska, opplyser Håkon Tornes, vaktsjef ved Haugesund politistasjon.

Powered by Labrador CMS