nyhende
Mann i 30-åra til sjukehus etter ulukke
Laurdag kveld klokka 20.28 fekk politiet melding om ei trafikkulukke på Gullvegen.
Føraren, ein mann i 30-åra, hadde smerter i ein arm. Han blei sendt til Haugesund sjukehus for sjekk. Han blei også rutinemessig sjekka for promille, og blåste 0.
Bilen køyrde av vegen, inn ein fjellvegg og så ut i vegbana igjen. Det var ingen andre bilar involvert i ulukka som skjedde i nærleiken av Vandaskog. Bilen fekk mindre skadar, men fordi den låg midt i vegbana, blei Gullvegen, eller Fv. 4980, stengt fram til klokka 21.30. Først heilt, og deretter delvis. Bilen blei etter kvart henta av bergingsbil.
— Det er ikkje oppretta sak, og ulukka vil ikkje bli vidare etterforska. Det tyder på at ulukka er vurdert til eit hendeleg uhell, seier vaktsjef Nina Fagerland ved Haugesund politistasjon måndag morgon.