nyhende
Manglar 100 prestar – mest prekært i distrikta
Den norske kyrkje har gjort fleire tiltak for å rekruttere nye prestar, men 100 årsverk som prest står framleis ledige i Noreg. Vanskelegast er det å få prestar til distrikta.
Då Eilert Aasen var i førstegongstenesta tilrådde feltpresten at han søkte seg til teologistudiet. Ho meinte han hadde eigenskapar som kunne gjere han til ein god prest.
– I Forsvaret opplevde eg at fleire unge i førstegongstenesta kunne få ei slags krise. Dei følte dei mangla tilhøyrsel og trong nokon å prate med. Eg følte at eg kunne tenkje meg å bli feltprest, slik at eg kunne hjelpe denne gruppa, seier Aasen.
Han står utanfor Det teologiske fakultetet i Oslo. Trass i at han er berre 24 år gammal, har han ei roleg og behageleg stemme, ei stemme som passar ein prest, som han kjem til å bli om nokre år når han er ferdig på teologistudiet.
Om lag 100 presteårsverk står ledige i Noreg medan Aasen studerer. Dei fleste av dei i distrikta.
Slår røter i byane
Aasen var kjend med at Distrikts-Noreg hadde mangel på prestar då han byrja å studere. Han har òg lagt merke til at det er blitt mangel på prestar i byane.
Han seier det er fleire på studiet som har uttrykt at dei ønskjer å bli i Oslo når dei er ferdige på studiet, sjølv om dei har fleire år igjen.
– Det er eit langt studium. I løpet av åra kan ein møte nokon og kanskje gifte seg og få barn. Då blir ein meir låst til der ein er og det blir ikkje like lett å skulle flytte med familien for å bli prest ein ny stad, vekk frå det kjente.
Han seier òg at nokre på studiet har eit ønske om å flytte ut i distrikta for å oppleve korleis det er å vere prest i eit lite samfunn. Nokre kjem òg frå distrikta og ønskjer seg tilbake dit når dei er ferdige.
Sjølv ønsker han å dra tilbake til Gudbrandsdalen, der han kjem frå, og jobbe som prest der. Han kan òg tenkje seg å teste ut andre bispedømme i landet før han vender heim til bispedømmet på Hamar.
Varsla krise
Thore Wiig Andersen, leiar for TeoLOgene, ei fagforeining under Fagforbundet som organiserer teologar, seier prestemangelen var ei varsla krise allereie i 2011.
– Mangelen har vore mest prekær i distrikta, men har òg spreidd seg til å bli eit fenomen over heile landet, seier han til Nynorsk pressekontor.
– Hovudgrunnen var at ein stor del prestar var i same alderssekvens og skulle gå av som prestar til same tid. I tråd med dette greidde vi ikkje å utdanne nok teologar i forhold til dei som skulle gå av, seier Wiig Andersen.
Desse prestane kom frå store kull av unge vaksne som tok utdanning på 60- og 70-talet. Dette var ei tid då Den norske kyrkje stod sterkt, dei hadde store ungdomskull i KFUM og Ten Sing, og var flinke til å rekruttere prestar frå desse miljøa.
Distriktsvanskar speglar samfunnet
I tida etter desse store kulla har rekrutteringa til presteyrket vore nedgåande. Tal frå Den norske kyrkje viser at heile 105,15 presteårsverk stod ledige ved årsskiftet. Tala gir eit oversiktsbilete, og er ikkje ein nøyaktig oversikt over langsiktige rekrutteringsutfordringar i ulike bispedøme.
Fordelt på bispedøme var det ledige presteårsverk desse stadene:
Bjørgvin 18,5, Hamar 6,65, Møre 16, Nidaros 12, Nord-Hålogaland 21,2, Oslo 11, Sør-Hålogaland 11, Stavanger 1, Tunsberg 7 og Borg 0,8.
Jan Christian Kielland, avdelingsdirektør for kyrkjefag i Kyrkjerådet, seier prestemangelen i Distrikts-Noreg er noko som speglar samfunnet elles.
– Unge menneske som har studert teologi fleire år i ein storby, får ofte eit nettverk der, kanskje ektefelle òg, og ønsker å bli i området. Før var der meir vanleg at presten fekk eit kall og flytta med familien dit det var, men i dag er det eit anna forhold til det å flytte med familie og barn til ein ny stad for prestejobben, seier Kielland til NPK
Nye rekrutteringsmåtar
I 2020 blei det spådd at Noreg kunne mangle 200 prestar innan 2024. Vårt Land skreiv at kvar tredje prest i Den norske kyrkja i 2017 var over 60 år, og det var for få studentar på teologi til å ta plassane deira. Kyrkja gjekk òg om lag 30 prestar «i minus» kvart år.
På bakgrunn av prestemangelen starta Kyrkjerådet eit rekrutteringsprosjekt for å auke talet på søkjarar til kyrkjefag. Jan Christian Kielland seier dei har ein auke i unge menneske som har søkt seg til studiet på dei tre åra prosjektet har gått.
– Dette er noko vi må ta bit for bit. Vi har òg sett ein sterk auke i vaksne som vel presteyrket som «andrekarriere». Der har kyrkja fått eigne godkjenningsordningar som gjer det mogleg for dei med relevant masterutdanning å bli godkjende som prestar med nokre tilleggsfag eller om dei har særlege eigenskapar som gjer dei spesielt eigna til yrket.
Både i 2020 og 2021 var det 27 personar som blei godkjende som prestar på denne måten. Rundt 2015 var det om lag åtte i året.
Løn og lange arbeidsdagar
Teologistudent Aasen trur der er fleire grunnar til at det er vanskeleg å rekruttere nye prestar. Samfunnet har blant anna blitt meir fleirreligiøst, og fleire definerer seg som ikkje-religiøse. Løn og arbeidsvilkår er òg viktige grunnar.
– Presteutdanninga er blant dei lengste utdanningane i landet, samanlikna med andre profesjonsutdanningar som lækjar og psykologar, men får ein ikkje løn som tilseier det.
– Det er heller ikkje ein 8–4 jobb, men eit yrke der du er på jobb heile dagen. Du må ta samtalar, besøkje folk, gå med dødsbod og vere ein person folk kan kome til heile tida. Du jobbar mykje av døgnet og får lite fri, då forsvarar ikkje løna den belastninga arbeidet gir. Det trur eg kan vere ein stor grunn for at ikkje fleire vel presteyrket.
Omdømmevanskar og framsnakking
Wiig Andersen i TeoLOgene seier noko av grunnen til at dei ikkje har rekruttert nok nye prestar dei siste åra, er at yrket har hatt ei omdømmeutfordring. Han meiner dei heller ikkje har vore flinke nok til å synleggjere kva jobben inneheld.
– Der er framleis mange stereotypiar om å jobbe i kyrkja, men meir er annleis enn kva folk trur. Vi må bli flinkare til å synleggjere mangfaldet og moglegheitene det er for dei med ulike bakgrunnar å jobbe i kyrkja, òg for dei som ikkje har gått på bedehus i barndommen.
– Vi må òg jobbe med rammevilkåra. Det er ei anna tid i dag, og når prestar må jobbe mykje helg, tek det på for familieliv og fritid.
(©NPK)