I fjor registrerte forsikringsselskapa rekordhøge 7.814 fritidsbåthavari.FOTO: NPK
Mange ved roret har ikkje hatt praktisk båtførarprøve
I fjor var det rekordmange havari med fritidsbåtar her i landet. Det er venta at det blir mange også i år. Forsikringsselskapet Tryg ønskjer at det blir obligatorisk å ta køyretimar for alle som skal føre båtar over åtte meter.
NPK: — Noreg har hatt teoretisk båtførarprøve sidan 2010, men det fungerer ikkje godt nok. Vi opplever auke i ulykker, båtskadar og havari som vi set i samanheng med mellom anna manglande ferdigheiter til sjøs. I dag kan ein ta ei prøve på nett for lovleg å føre ein 15 meter lang båt i smule farvatn. Vi meiner at alle som skal føre båt der ein treng båtførarbevis, også må ha fleire køyretimar i båt og dessutan ei praktisk prøve, seier Hans-Jørgen Molvig, direktør i Tryg Forsikring, i ei pressemelding.
Første kvartal i år hadde Tryg ein auke i talet på båtskadar på nær 20 prosent samanlikna med same periode i fjor.
I ei fersk spørjeundersøking som YouGov har gjennomført for Tryg, svarer 54 prosent at det bør innførast ei obligatorisk praktisk båtførarprøve i tillegg til dagens teoretiske prøve. Berre to av ti svarer at dei ikkje ønskjer å innføre ei praktisk båtførarprøve.
Det har vore rekordsal av fritidsbåtar i pandemiperioden, og det er no over éin million fritidsbåtar her i landet. I fjor registrerte forsikringsselskapa rekordhøge 7.814 fritidsbåthavari, til ein kostnad av 365 millionar kroner, viser tal frå Finans Norge.