nyhende

Det vart nesten deltakerrekord då Sveio Turlag inviterte til rundtur på Tjernagel kvelden 26. september i fjor. ´Heile 62 møtte fram då Jan og Sigmund Enerstvedt tok gjengen med på ei kulturhistorisk vandring der dei fortalde om Tjernagel i eldre tider. Turfølget enda opp nede ved sjøen i «Haven» der det vart ein god kaffepause.
Det vart nesten deltakerrekord då Sveio Turlag inviterte til rundtur på Tjernagel kvelden 26. september i fjor. ´Heile 62 møtte fram då Jan og Sigmund Enerstvedt tok gjengen med på ei kulturhistorisk vandring der dei fortalde om Tjernagel i eldre tider. Turfølget enda opp nede ved sjøen i «Haven» der det vart ein god kaffepause.

Mange turar å velja mellom i vårprogrammet

Sveio Turlag sin Grøn resept har aldri vore så populær som i fjor. Over 750 deltakarar i løpet av året er ny rekord, og vårens program bør lokka mange til å bli med.

Publisert Sist oppdatert

Turlaget byr på turar som passar for alle, og du må ikkje vera medlem for å delta. Blant dei mest populære turane i fjor var dei der lokale kjentfolk var med og fortalde om plassane ein gjekk.

– Me ser at slike turar også har gitt oss ein god del nye medlemmer, og kjem til å ha med kjentfolk på ein del av turane i år også, seier Elisabeth Hauge Bakke, som har vore med i Sveio Turlag i 30 år.

For å halda oppe interessa, er det viktig å fornya seg, og ikkje gå dei same turane kvart år.

Lær å gå i sherpatrapper

– Me har ein del turar til andre kommunar, og desse brukar å vera populære. I juni skal me til Espevær, og der er det allereie pågang av folk som vil vera med. Ein topptur i år blir Siggjo på Bømlo, fortel Hauge Bakke, og held fram:

– Fleire har sagt at dei synes det er veldig tungt å gå sherpatrappene opp til Siggjo. Eg synes også sjølv at det var litt slitsamt. Til i fjor. Då traff eg på ei dame som tipsa meg korleis eg skulle gå i trappene, som i utgangspunktet er bygde for at dyr skal ferdast i dei. Etter at eg lærte teknikken, er det som natt og dag å gå i sherpatrapper, og eg kjem til å læra vekk teknikken til dei som blir med oss, lovar ho.

Vårprogrammet til Sveio Turlag

Tysdag 12. mars starta Sveio Turlag vårsesongen med ein rundtur frå Hanaleite til Geitalemen og Drångsvågen i Førde.

Tysdag 19. mars går turen frå Flatnes til Askelsvik og Buavik i Sveio med kjentmann Laila Flatnes Skarveland, og kanskje far hennar.

Søndag 7. april skal dei til «Presten» og rundt Krokavatnet med start frå Steinsfjellet i Haugesund.

Tysdag 16. april vert det ein tur til Haugsgjerdsåta (245 m.o.h.) der ein får godt utsyn over fjord og fjell.

Tysdag 23. april går turlaget frå gravplassen ved Tjernagelvegen til Krossleite. Vidare langs Forevatnet og over på Kyrkjevegen attende til Fjellstad.

Søndag 28. april tar dei ferja frå Buavåg til Langevåg for å gå til Mørkedalsfjellet (103 m.o.h.). Der vil ein mellom anna sjå ei tidlegare kystvakthytte og ein utsiktskuppel.

Søndag 5. mai vert det ei vandring til Siggjo (454 m.o.h.) på Bømlo. Dersom ein går sherpatrappene på same vis som sherpaene gjer, vert turen ei heilt anna og betre oppleving!

Tysdag 7. mai går turen frå Nese (Haukås) til Kvernavatnet og Furevika i Sveio. Grunna at det kan vera ammekyr på beite, ber dei om at ingen tek med hund.

Søndag 12. mai skal turlaget attende til «Hest» (352 m.o.h.) mellom Espevik og Liarvåg i Nedstrand. Godt utsyn over Ryfylkebassenget og Haugalandet.

Tysdag 14. mai går turen på den såkalla Kyststien langs Mølstrevågen, forbi Steinbrotet og Laksaberget til Ryvarden kulturfyr. Kyststien er ei heilt anna naturoppleving enn om ein går grusvegen utover.

Søndag 26. mai tek Jon Olav Velde turdeltakarane med på ei historisk vandring «Langs ei å» – ein kultursti i Blikrabygda i Øvre Vats. Turen går mellom anna til kraftverksinntaket (320 m.o.h.).

Tysdag 28. mai vert det ein rundtur med start frå bedehuset i Auklandshamn. Etter «Långhamro» følgjer dei «den blå stien» eit stykke. Dersom godt vêr kan ein eventuelt følga stien nedover langs Tvillingtjørn og vidare over til Austrevågen.

Søndag 2. juni går turen til Espevær. Først ferje frå Buavåg, og så skyssbåt frå Eidesvik til Espevær. Det blir rundtur i marka eller rusletur på vegen mellom koselege hus på øya, lunsj i Baadehuset, samt historieforteljing og omvisning dersom tida strekk til. Alle interesserte må melda seg på innan fredag 24. mai.

Tysdag 11. juni inviterer turlaget til sesongavslutning på «Strando» i Førde, og dei spanderer noko grillmat. Leiar Arild Wiersen har lova at han endå ein gong stiller med morosam quiz.

Powered by Labrador CMS