nyhende

Håvard Lægreid, leiar NAV region Sunnhordland.
Håvard Lægreid, leiar NAV region Sunnhordland.

Mange står utanfor arbeidslivet

I september var arbeidsløysa i Sunnhordland til saman 1,8 prosent av arbeidsstyrken. Det er ein nedgang på 26 personar i høve førre månad.

– Det er tryggande å sjå at den positive trenden held fram, sjølv om den flatar ut. At me nærmar oss ein normal situasjon på arbeidsmarknaden betyr mykje for den einskilde, verksemdene som treng folk, og for samfunnet som heilskap, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland i ei pressemelding.

Når arbeidsløysa no er låg blant dei heilt ledige, meiner Lægreid at det er viktig å ikkje gløyma dei som framleis står eit stykke unna arbeidslivet.

– Me følger tett med på utviklinga. Mange vil truleg finna vegen til arbeid på eigenhand. Særleg gjeld dette dei som er delvis ledige. NAV lyt fokusere innsatsen mot dei som no treng oss mest, seier Lægreid.

Utanforskapen i Sunnhordland

Tal viser at om lag 1 av 5 personar i Sunnhordland står utanfor arbeidslivet, anten med eller utan ei yting frå NAV. Tala speglar det nasjonale snittet, medan Vestland er eit av fylka med ein utanforskap under snittet.

– Utanforskapen er ei utfordring for samfunnet. Me jobbar for å få flest mogleg inkludert i arbeidslivet. Alle som kjem til NAV vil få vurdert kva behov dei har for oppfølging. Vår oppgåve er å gi menneske moglegheiter, seier Lægreid.

Tal for landet viser at det er ein liten nedgang i 2020, samanlikna med tala for 2019.

– Me lyt arbeide saman med andre offentlege aktørar og saman med arbeidslivet for å sikre at dei som vil, får ta del i arbeidslivet, seier Håvard Lægreid.

Andelen i utanforskap i desember 2020 er for Sunnhordland 20,8 % av alle i aldersgruppa 20-66 år. For landet er snittet 21 %, medan det for Vestland fylke er 19,2 %. I Sunnhordland er det Sveio, Bømlo og Tysnes som har den høgaste andel i utanforskap, medan den er lågast i Etne og på Stord.

Lågast arbeidsløyse i Kvinnherad

I september hadde alle kommunane i Sunnhordland utanom Etne og Sveio ein nedgang i arbeidsløysa. Lågast arbeidsløyse var det i Kvinnherad og Tysnes (hhv. 1,4 og 1,5 prosent)

Powered by Labrador CMS