nyhende
Mange ønskjer å auke aldersgrensa i sosiale medium
Eit fleirtal av nordmenn ønskjer å auke aldersgrensa i sosiale medium, viser ei fersk undersøking. Andelen har auka frå i fjor.
– Vi ser ei aukande støtte i befolkninga til å auke aldersgrensa i sosiale medium, seier ansvarleg for Opinions samfunnsmonitor, Tove Botnen.
1.000 personar har svart på undersøkinga.
Aldersgrense 16 år
64 prosent ønskjer at aldersgrensa i sosiale medium blir auka frå 13 år til 16 år, ifølgje undersøkinga. 23 prosent sa seg usamd, medan resten var usikre.
I 2023 var det 52 prosent som var for høgare aldersgrense.
Botnen fortel at Opinion har følgt unge i fleire år, og har fått høyre av fleire at dei ønskjer å logge av sosiale medium, men synest det er vanskeleg.
Fleire som ser på moglegheita
I april kom det fram at regjeringa ser på moglegheita for å avgrense barns tilgang til sosiale medium. Dei vurderer å heve aldersgrensa til 16 år.
– Det er for tidleg å konkludere med korleis, men vi skal sjå nærare på korleis vi kan setje og handheve aldersgrenser for innlogging i sosiale medium for barn, fortalde barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) til Dagbladet i april.
Eit fleirtal av partia på Stortinget var også opne for innstrammingar av tilgangen til sosiale medium. Blant moglegheitene som er vurderte, er å knyte innlogging i sosiale medium til Bank-ID.
Ikkje alle som er samde
Dette har derimot ikkje fått støtte frå verken Forbrukarrådet eller Datatilsynet, som meiner det å verifisere alder ved innlogging til sosiale medium er eit for inngripande tiltak.
Juridisk seniorrådgivar Anders Säve Obrestad i Datatilsynet fortalde i juni at ei slik verifisering vil påverke anonymiteten i sosiale medium.
– Innfører ein ei aldersgrense som må verifiserast, må alle forhalde seg til ho. Det utfordrar moglegheita til å vere anonym på internett, sa han.
– Barn har rett til å delta på nett
Doktorgradsstipendiat Clara Julia Reich frå Oslomet som forskar på barn og unge i sosiale medium fortalde til Aftenposten at ho meiner barn har rett til å delta på nett.
– Ein må tenkje på perspektivet til barna. Dei bruker sosiale medium til å lære, leike og dei får tilgang på informasjon. Og viktigast av alt held dei kontakt med venner der, noko som er spesielt viktig for barn som hamnar på utsida, sa ho til avisa.
Ho peikar også på at det er mogleg å kople seg opp via VPN og omgå heile verifiseringa.