nyhende

Hege Kinn og Janne Dirdal Østerli under klargjering av vaksinedosar i fjor haust.
Hege Kinn og Janne Dirdal Østerli under klargjering av vaksinedosar i fjor haust.

Mange i Sveio kan få tredje dose før jul

Sveio kommune har ei viktig melding til alle over 18 år: Mange kan få tredje vaksinedose mot korona før jul, men då må dei bestille time.

Publisert Sist oppdatert

Neste veke får Sveio kommune eit stort antall vaksinedosar, og kommunen oppmodar no alle over 18 år om å bestille time.

— Alle over 18 år som fekk andre vaksinedose i veke 32 (9-15. august), eller tidlegare kan, no bestille time for tredje dose, fortel vaksinekoordinator Janne Dirdal Østerli i Sveio kommune.

Ho håpar at så mange som mogeleg nyttar høvet til å få sett tredje dose før jul. Det er ledige timar tysdag og onsdag neste veke, og det vil også bli mogelegheit for vaksinering onsdag 29. desember, altså i romjula.

Flytta til Vigdartun

Sjølve vaksineringa blir neste veke flytta mellombels frå Soknehuset i Sveio til Vigdartun i Sveio sentrum.

— Vi har høve til det når skulene neste veke tek julefri, fortel ho.

På Vigdartun er det betre plass enn på Soknehuset, og dermed er det enklare for både folk og helsepersonell å halde avstand til kvarandre.

Bestillinga skjer via kommunen si nettside.

— Dei som måtte få tekniske utfordringar med nettsida kan kontakta oss på kommunen sin vaksine-telefon mellom klokka 9 og 12, seier ho.

Nummeret til Sveio kommune sin vaksinetelefon er 948 84 650.

God respons

Bookinga til vaksinetimane opna tysdag denne veka, og Dirdal fortel om god respons.

— Dei første ledige timane vart fullbooka på berre nokre timar, fortel ho.

Ho fortel også at dei stadig har pågang frå uvaksinerte som no ønskjer å ta første vaksinedose.

— Dei som ønskjer å få satt første eller andre vaksinedose bes ta kontakt på vaksinetelefonen, så skal me ordne time til dei, fortel ho.

Powered by Labrador CMS